Stilling:

Postdoktor i geokjemi / geomikrobiologi

Søknadsfrist 05.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan geokjemi/geomikrobiologi med fokus på mikrobiell omdanning av havbunnskorpa. Stillinga, som er finansiert av forskingsrådet, er for ein åremålsperiode på 3 år. Stillinga er knytt til K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning og er ein del av prosjektet EnterDeep.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet har til hensikt å kvantifisere mikrobiell omdanning av nyleg danna havbunnsskorpe og evaluera dei mogelege miljømessige konsekvensar. Vi vil kombinera genomikk og kvantitativ geokjemi i samband med ratemodellering for å få innsikt i denne problemstillinga. Dei spesifikke oppgåvene knytt til denne stillinga er etablering og utvikling av ex situ og in situ laboratorier, samt å analysere prøver frå desse. Søkjaren må vere innstilt på at ein del av arbeidsoppgåvene vil være i Bremen, Tyskland og dermed forvente eit eller fleire utanlandsopphald.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan geokjemi eller mikrobiologi, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Dessutan er følgjande tidlegare erfaringar/kunnskap nødvendige for stillinga:

  • Erfaring med mikro-CT skanning.
  • Erfaring med thermodynamiske reaksjonsratar og modellering.
  • Kunnskap om interaksjonar mellom mikrobe, vatn og stein.
  • Erfaring med eller kunnskap om dei analytiske teknikkar (LA-) ICP-MS, SEM og AFM.
  • Erfaring med eksperimentelt arbeid utført under hydrotermale forhold.
  • Erfaring med observatorium/monitorering i djupe borehol.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet kan bli lagt til som oppgåver i stillinga dersom den som tilsetjast manglar undervisningserfaring eller annan kvalifiseringskompetanse. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eit år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Forskar Steffen Leth Jørgensen, K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning, Institutt for geovitenskap, tlf. +47 55 58 38 60, e post Steffen.Jorgensen@uib.no

eller

  • Instituttleiar Ingunn H Thorseth, Institutt for geovitenskap, tlf. +47 55 58 34 28, e-post Ingunn.Thorseth@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS