Stilling:

Postdoktor i fiskeanatomi / havbruk

Søknadsfrist 28.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i fiskeanatomi/havbruk

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som postdoktor i forskingsgruppa Marin utviklingsbiologi (MUB) for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytt til forskinga innan fiskebiologi/havbruk med spesielt fokus på problemstillingar innan lukka anlegg og resirkulering, og dei basale biologiske utfordringar fisken er utsatt for i slike system.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Livssyklusen til laks omfattar ein ferskvassfase der egg, larver og parr utvikles i elvene, for så å smoltifisere og vandre ut i sjøen der den veks opp og blir kjønnsmoden før den vandrar attende til elvene for å gyte. Eigenskapen laksen har å kunna leva både i ferskvatn og sjøvatn er ei fasinerande biologisk tilpassing. I oppdrett av laks skjer produksjonen av smolt i ferskvatn i settefiskanlegg, medan produksjonen av stor laks tradisjonelt skjer i merdar i sjøvatn. I den seinare tid har næringa vist aukande interesse for produksjon av laks i lukka anlegg, m.a. resirkuleringsanlegg (RAS) den tidlege sjøfasen.

Forskinga inkluderer følgande arbeidsoppgåver:

  • Kartleggje endringar som skjer ved overgangen frå ferskvatn til sjøvatn i gjelle og andre viktige osmoregulatoriske organ
  • Kartleggje form (anatomi) og funksjon (fysiologi) til sentrale celletypar som muliggjer denne overgangen.
  • Kartleggje korleis saltinnhald, ionesamansetjing og vasskvalitet kan innverke på transformasjonen av desse organa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor fiskeanatomi eller -fysiologi eller anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Den som får stillinga, må ha kunnskap om fiskebiologi, anatomi, fysiologi og molekylærbiologi, og ha publisert vitskaplege arbeid som dokumenterer god forståing av form og funksjon
  • Praktisk erfaring med eksperimentelle studie av fisk.
  • Stillinga føresett praktisk erfaring i bruk av vanlege metodar i faget, som histologiske og molekylære metodar og erfaring i bruk av mikroskopisk metodikk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar bør ha gode språkkunnskapar i norsk, svensk eller dansk for å kunne delta i undervisning og formidlingsaktivitetar, m.a. innafor fiskeanatomi og histopatologi. Deler av undervisninga vil bli gitt på norsk, svensk eller dansk.

Det praktiske arbeidet vil hovudsakleg gå føre seg i senteret CtrlAqua ved BIO innan RAS eller andre lukka system. Arbeid hos våre nasjonale og internasjonale partnarar vil og vere aktuelt. Erfaring frå både opne og lukka system er derfor ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga er at den som vert tilsett, må kunne delta på feltarbeid.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing (om lag 2 sider) om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål,eventuelt ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

begge ved Institutt for biovitenskap, UiB

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen