Stilling:

Postdoktor i bioinformatikk

Søknadsfrist 22.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i bioinformatikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Den som vert tilsett skal arbeide med forsking innanfor ei av dei forskingsgruppene ved instituttet.

Ved bruk av metodar for maskinlæring kan man frå store og kompliserte datasett trekke ut prediktive eigenskaper. Sjølv om maskiner no oppnår betre resultat enn den menneskelege hjernen på oppgåver som gjenkjenning av bilete og tale, nyttar til og med djup læring essensielt korrelasjons-baserte tilnærmingar. Innan biomedisinske prosjekt, er mønstergjenkjenning sjeldan tilstrekkeleg sidan ein målet er intervensjon: uansett kor presis ein statistisk modell er, så er det endelege målet å identifisere molekylære mål som kan bli manipulert ved endring i kosthold, livsstil eller medisinar, for å hindre eller behandle sjukdom. Målet med dette prosjektet er derfor å bygge betre algoritmar for maskinlæring som kan skilje årsak-verknad samanhengar frå rein korrelasjon på tvers av ulike humane data om genetikk, epigenetikk og andre biomolekylar. Prosjektet vil ha fokus på å knytte genetiske markører for sjukdommar hos mennesket til kausale gen-nettverk bygd opp frå genomiske, epigenomiske og transkriptom sekvens-data frå populasjonsbaserte studiar. Målet er å forstå dei molekylære mekansimene som forklarer kvifor nokre genetiske variantar er årsak til sjukdom og endelig å omsetje desse funna til nye terapiar og diagnostiske verktøy.

For meir informasjon om forskargruppa, sjå her.

Det inngår også pliktarbeid for instituttet i stillinga, til dømes oppgåver relatert til undervisning og rettleiing, fordelt med om lag 20 % over tilsetjingsperioden.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, informatikk, fysikk, matematikk eller anna relatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert evne til publisering gjennom artiklar publisert i fagfelle-vurderte tidsskrifter og presentasjonar på vitskaplege konferansar, er eit krav.
  • Erfaring med programmering i minst eitt programmeringsspråk (C, C++, Java) er eit krav.
  • Erfaring med arbeid i et numerisk databehandlingsmiljø (Python, R, Matlab) er eit krav.
  • Erfaring med utvikling og bruk av maskinlæringsalgoritmar på store mengder data er ein føremon.
  • Erfaring med analyse av genom-vide data (genom-, epigenom- eller transkriptome-sekvensering eller mikroarray-data) er ein føremon.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 - 65 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200 - 576 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet .
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Tom Michoel, Computational Biology Unit, Institutt for informatikk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS