Stilling:

Postdoktor i bioinformatikk

Søknadsfrist 07.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i bioinformatikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga innehelder undervisningsaktiviteter som utgjer cirka 25% av arbeidstida.

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Ei viktig utfordring i kreftforsking er å integrere og tolke data for å forstå mekanismar og moglege behandlingsmåtar av kreft. I denne samanhengen kan matematisk modellering være eit kraftig virkemiddel. Det er kjent at kvar fase av kreft er disponert til regulering ved immunceller. Prosjektet fokuserer på ein spesiell type immunceller, makrofagen, rundt tumor. Dei svarer på signaler frå cytokiner ved å differensiere langs forskjellige signalveger og får ulike fenotyper som har motsett effekt: enten undertrykker tumoren eller understøtter tumoren. Avgjerdsprosessen skjer i to trinn. Ei naiv celle svarer på eksterne signaler og vel ein differensieringsveg. Etterpå produserer cellepopulasjonen indre signaler som kan forsterke eller forandre polariseringa. Målet med prosjektet er å bruke matematisk modellering til å forstå regulering av polariseringa ved å kombinere ein deterministisk modell av enkeltceller med stokastiske metodar for modellering av fenotypiske brytar i cellpopulasjoner.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikk, bioinformatikk, fysikk eller anna relatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå undervisning er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

  • Erfaring med numeriske databehandlingsmiljø (Python, R, or Matlab) er eit krav.
  • Erfaring med programmering i minst eit programmeringsspråk (C, C++, Java) er ein føremon.
  • Erfaring med modellering av dynamiske system ved bruk av differentialligninger er eit krav.
  • Erfaring med analyse av stabilitet og bifurkasjonar er ein føremon.
  • Erfaring med bruk av algoritmer for parameter-estimering og kvantifisering av usikkerheter er ein føremon.
  • Erfaring med stokastisk modellering, f.eks. ved bruk av den kjemiske masterligningen, er ein føremon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515.200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 07.02.2019

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS