Stilling:

Postdoktor i anvendt økologi

Søknadsfrist 22.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som postdoktor i anvendt økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år med moglegheit for ei forlenging med inntil 6 månader og knytt til UNESCO Chair ved UiB innan «Berekraftig arv og miljøforvalting – natur og kultur».

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Menneskeleg arealbruk har ført til ein utbredt førekomst av såkalla "temma økosystem" eller sosialøkologiske system (SES). I antropocenen genererast ikkje økosystemtenester av økosystem aleine, men av desse SES der endring av arealbruk; til dømes urbaniseringsratar og mønster, landbruk, beite, skogbruk, rekreasjon og turisme, er resultat av desse menneskeskapte endringane. Arealbruk i sin tur påverkar naturressursar, kulturmiljø og sosial utvikling, og skaper komplekse samspel som heile tida endrast. Styring av vår forsking og handlingar mot nye løysingar gjennom ei heilskapleg tilnærming er eit nødvendig skritt i retning av berekraftig utvikling og i tråd med FNs 2030 Agenda.

Det sentrale målet for denne postdoktorale forskaren er å betre forståinga av samanhengar mellom arealbruk, miljøkvalitet, biologisk mangfald og økosystemtenester i eit berekraftsperspektiv. Arbeidet skal kombinere innovative tilnærmingar som analyserer verkingar av menneskeleg ressursbruk. Arbeidet er tverrfagleg, og tar opp spørsmål som: Korleis harmonisere berekraftige matssystem med bevaring av biologisk mangfald? Korleis kan økosystem og økosystemtenester forvaltast på ei berekraftig måte? Korleis kan kunnskapsdelingsplattformer bidra til å fusjonere kunnskap med gode løysningar på vegen frå idé til implementering? Den postdoktorale forskaren analyserer prosessar knytte til sosialøkologiske system, i samarbeid med UNESCO Chair og eit team av ekspertar innanfor økologi, geografi, filosofi og samfunnsvitskap. Han/ho vil også arbeide tett med andre UNESCO-partnarar og prosjekt, og i samsvar med premissane skissert i UiB/UNESCO-kontrakten.

Postdoktoren vil

  • analysere konsekvensar av menneskeleg bruk av naturen og oppfatningar av økosystemtenester i tråd med berekraftsagendaen
  • setje i gang og vedlikehalde felteksperiment, feltundersøkingar/intervju og borgarvitskaplege prosjekt i samarbeid med andre teammedlem
  • engasjere seg i feltarbeid i det føreslåtte Nordhordland Biosfæreområde og andre regionar
  • leie innsamlinga av data frå verdsnettverket av biosfæreområdet for metaanalyse, i nært samarbeid med partnarar frå UNESCO si arbeidsgruppe
  • utforme og gjennomføre aktivitetar med sikte på å auke offentleg bevissthet om berekraftig arv og miljøforvalting
  • utvikle eigne forskingsspørsmål og hypotesar knytte til naturressursutnytting, økosystem-tenester, sosialøkologiske system og berekraftig utvikling
  • analysere data og skrive og publisere forskingsartiklar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biologi, geografi eller eit anna relevant fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha ein bakgrunn som gir god forståing for økologi, sosialøkologiske system, naturressursforvalting, sosial-økologisk resiliens og FN sin berekraftsagenda.
  • Erfaring i metaanalyse, naturressursforvalting og/eller multi/tverrfaglege prosjekt i skjeringspunktet mellom økologi og samfunnsvitskap er ein føremon.
  • Søkjarar må ha erfaring i feltstudiar (økologiske og/eller samfunnsvitskaplege metodar), ein relevant statistisk og/eller programmeringsbakgrunn og kunne beherske kritisk tenking og gode skriveferdigheiter.
  • Forsking er laginnsats, og alle medlemma må vere forberedt på å bidra til felles aspekt av feltarbeid, metaanalysar, analysearbeid, diskusjonar og bistå andre med liknande oppgåver, i tillegg til å jobbe med eige forskingsprosjekt.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og samstundes ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Det er ein føremon dersom ein beherskar eit skandinavisk språk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:Evne og vilje til å utføre feltarbeid i fjerntliggjande område og dessutan ha førarkort er ein fordel.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett, manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ein forskingsplan (maksimalt 2 sider) som beskriver dine forskingsinteresser knytte til sosialøkologiske system og berekraftig utvikling
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, alternativt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren, Institutt for biovitskap (inger.maaren@uib.no / +47 412 85 126)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS