Stilling:

Postdoktor (3 stillingar) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist 10.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet er det ledig tre (3) opne stillingar som postdoktor frå 1. september 2019.

Tilsetjinga gjeld for ein periode på tre (3) år i 100 % stilling. Postdoktoren kan verte pålagt opp til 25 % pliktarbeid ved instituttet. Pliktarbeidet kan til dømes vera undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing alt etter behovet ved instituttet, pliktarbeid kan vere knytt til fakultetet si Forskarline eller ved grunnkurset MEDMET for ph.d.-kandidatar. Undervisingsspråket på grunnutdanningane er til vanleg norsk, men på ph.d. utdanninga er det engelsk.

Stillingane vil bli knytt opp mot det instituttet det er naturleg at prosjektet til søkjaren høyrer til.

50 % stilling:

Det er mogleg å kombinere 50 % postdoktorstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er 6 (seks) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.

Vurdering av søkjar:

Søknadane blir vurderte ut frå følgjande kriterier:

  • Kandidat: Søkjaren sin kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet inkludert avtalt/planlagt utanlandsopphald
  • Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det kan gjennomførast innafor rammene for ei postdoktorstilling.
  • Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, nasjonale og internasjonale faglege nettverk, relevant publikasjonsaktivitet. Tverrfaglege prosjekt mot sterke forskingsmiljø vert tillagt særleg stor vekt.

Meir informasjon finn du her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Disputas må vere gjennomført og godkjent ved tilsetjingstidspunktet i stillinga
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav

Det er eit ønskje at søkjar byter forskingsmiljø etter endt ph.d.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Forskingsopphaldet i utlandet kan gjerne vere lengre enn eit år så lenge total tilsetjingsperiode ikkje er meir enn 4 år.

Søkjar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld både ein karriere- og ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Send søknad og CV (maksimalt 3 sider) etter mal du finn her.

I søknadsbrevet må du skrive tittel på prosjektet ditt og namn på den som har plikt til å vere mentor (fagleg rådgjevar). Mentor må vere tilsett ved fakultetet og vere tilsett ved fakultetet i heile postdoktorperioden. Det vil berre bli vurdert ein søknad for kvar mentor med omsyn til postdoktorstipend. Mentor må opplyse kor mange kandidatar han/ho er mentor for.

Du kan ha inntil åtte vedlegg som skal ha namn som samsvarar med innhald og som må nummererast frå 1-8 som følgjer:

1. karakterutskrifter, vitnemål og attestar (pdf) ev stadfesta godkjenning av avhandling

2. prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar, mal

3. publikasjonar og vitskaplege arbeid (pdf) som du ønskjer at det skal verte teke omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse

4. mentorerklæring (maks 1 side)

5. mentor sin CV (maks 3 sider) etter mal og kandidatproduksjon, mentor sine publikasjonar dei siste 5 år, tall for mentor sine PubMed artiklar totalt, og som første, andre og sisteforfattar, og mentor sin H-indeks rekna etter Web of Science

6. doktorgradsavhandlinga (elektronisk format)

7. omtale av forskingsgruppa (maks 1 side)

8. eventuelle andre vedlegg

Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg manglar i søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om søknadstekniske forhold kan du få ved å vende deg til:

  • Rådgjevar/nestleiar ved Seksjon for rekruttering Eldbjørg Sanden Søvik, (e-post: eldbjorg.sovik@uib.no, telefon 55 58 61 42)

Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forskarutdanning Roland Jonsson (e-post: roland.jonsson@uib.no, telefon: 55 97 46 49).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS