Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) ved SFF Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Søknadsfrist: 13.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktorstilling (3 år) ved SFF Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Ved senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet «Modellering og avanserte analysar av mikromiljøet i kreftvev», og er finansiert av Noregs forskingsråd.

Om CCBIO

CCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårlig prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis.

Meir om CCBIO

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet skal bruke avanserte metodar for å forstå samspelet mellom immunceller og kreftceller for å utvikle ny kreftbehandling og biomarkørar. Pasientmateriale og cellekulturmodellar vil bli undersøkte ved hjelp av tilgjengeleg og avansert teknologi for å få mest mogleg innsikt i den molekylære og cellulære biologien ved kreft. Biopsiar frå kreftvev og ex vivo modellar av celler, organoider, vevseksplantat og xenograft vil bli evaluerte og undersøkte. Fokuset blir på urogenitale kreftformer og morfologiske metodar, inkludert ny avansert metodikk for samtidig merking av fleire molekylære markørar i den morfologiske konteksten følgd av bioinformatisk analyse og tolking av resultat.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk doktorgrad innan molekylærbiologi, cellulær biologi, medisin eller anna relevant fagområde eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjingsperioden startar.
  • Søkjar må ha erfaring i molekylær og / eller cellulærbiologi og / eller morfologiske metodar og / eller bioinformatiske analysar av biologiske data.
  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk og helst norsk på høgt nivå
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan immuno-onkologi og cancer immunterapi.
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida kr 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) ev dokumentasjon på godkjent avhandling
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

For vidare informasjon om stillinga, kontakt:

  • Karl-Henning Kalland; e-mail: Karl.Kalland@uib.no; tlf.: 55 58 45 06

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS