Stilling:

Postdoktor 3 år ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO)

Søknadsfrist 15.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO ved Klinisk Institutt 1, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei (100%) mellombels stilling som postdoktor for ein periode på tre (3) år. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om CCBIO

CCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårlig prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis.

Meir om CCBIO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktoren vil vere del av Program 2 innan prosjektet ”Protein Biomarkers and Novel Targets in Aggressive Breast Cancer”. Målet er å identifisere nye biomarkørar som reflekterer den mikromiljø-messige kompleksiteten innan human brystkreft, interaksjonen mellom kreftceller og mikromiljøet og korleis dette påverker aggressive trekk ved svulstar og pasientprognose. Stillinga vil fokusere på integrerte proteinstudiar ved hjelp av proteomikk-profilering, billed-basert massecytometri og immun-histokjemi av humane vevsprøver og relevante panel av cellelinjer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha PhD eller tilsvarande frå eit relevant forskingsfelt eller ha levert avhandlinga si før søknadsfristen.
  • Søkjarar må ha sterk bakgrunn innan kreftbiologi eller andre kreftrelevante medisinske fagfelt.
  • Erfaring med moderne molekylære og morfologiske metodar, eksempelvis proteomikk, billed-basert massecytometri, mikroarray studier, immun-histokjemi, in situ-hybridisering og mikrodisseksjon av vev er ein fordel.
  • Erfaring med PCR baserte teknikker, Western blot, ELISA, cellelinjearbeid og bioinformatiske metoder vil være en fordel.
  • Søkjarar må ha flytande ferdigheitar i Engelsk skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt. Søkjarar med dokumentert evne til å arbeide sjølvstendig, samarbeide godt, vise sterk motivasjon og ansvarskjensle, ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking vil verte føretrekt.
  • Søkjarar må ikkje vere allergisk mot forsøksdyr og må være villige til å arbeide med forsøksdyr brukt til dyreforsøk.

Om postdoktorstillinga:

Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Send CV og søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) ev dokumentasjon på godkjent avhandling
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

For vidare informasjon om stillinga, kontakt:

  • Professor Lars A. Akslen, tlf.: + 47 55 97 31 82 / +47 55 97 31 73, e-post: Lars.Akslen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS