Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) i epidemiologi / biostatistikk for mikrobiom forsking

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga kan utvidas med opp til eit (1) år dersom postdoktorkandidaten har eit gjesteforskaropphald i utlandet i løpet av dei første tre åra. Stillinga er knytt til European Research Council (ERC) Starting Grant prosjektet ”Oral Bacteria as determinants for Respiratory Health (BRuSH)”. Denne postdoktorstillinga er finansiert av Det medisinske fakultetet, Universitetet i Bergen.

Særeigne krav for stillinga: Postdoktoren vil få tilbod om opplæring i biostatistikk i ein periode på 6-12 månadar ved University of Pittsburgh (PA, USA) med professor Shyamal Peddada. Dersom kandidaten ynskjer eit slikt studieopphald utanfor Noreg, har kandidaten høve til å forlengje stillinga tilsvarande tida kandidaten oppheld seg i utlandet (maksimum 1 år).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet skal nytte populasjonsbaserte multisenter studiar med informasjon frå spørjeskjema, kliniske data og miljøprøvar frå fleire tidspunkt for å

  • identifisere bakteriar med pro-inflammatoriske lipopolysakkarider (LPS) i prøver frå munnhola og frå innemiljø
  • beskrive kva for nokre LPS og LPS-produserande bakteriar som er tilstades i dei forskjellige prøvane
  • undersøke om desse bakteriane fører til inflammasjon i lungene og redusert lungefunksjon over tid

Hovudarbeidsoppgåvene i stillinga er å

  • analysere mikrobiom sekvenseringsdata frå munnhole og miljøprøvar
  • nytte både standard statistiske analysar og avanserte metodar i biostatistikk
  • skrive vitskaplege artiklar i fagfelle vurderte tidsskrift
  • presentere resultat på vitskaplege konferansar og møte
  • rettleie pre-doktor studentar i forskingsgruppa
  • vere involvert i planlegging av den kliniske oppfølginga av studiedeltakarane
  • bistå med planlegging av workshops og møte med samarbeidspartnarar i Noreg og internasjonalt (Sverige, Danmark, Island, Estland, Tyskland og USA)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innafor epidemiologi, mikrobiologi, molekylærbiologi, biostatistikk, informatikk eller tilsvarande disiplinar, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • erfaring frå analysar av sekvenseringsdata (next generation sequencing) er påkravd, helst i frå analysar av mikrobiom data
  • erfaring med avanserte biostatistiske modellar eller vere i stand til og ha interesse for å lære seg avansert biostatistikk
  • bruk av R-verktøy og andre statistiske pakker eller programmeringsspråk vil vere ein føremon
  • å ha produsert originale fagfelle vurderte publikasjonar i internasjonale tidsskrift innan mikrobiom eller mikrobiota-relatert forsking, biostatistikk eller statistiske metodar vil bli tillagt vekt
  • personlege ferdigheiter vil også bli tillagt vekt. Kandidaten bør vere motivert og ansvarsfull, ha god arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • flytande engelsk munnleg og skriftleg

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleder og forskar Randi J Bertelsen, e-post: randi.j.bertelsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS