Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i organometallisk kjemi

Søknadsfrist: 22.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som postdoktor i organometallisk kjemi for utvikling av nye radiofarmasøytika for PET-avbildning.

Stillinga er for ein periode på 3 år og knytt til prosjektet “Bergen PET Tracer Development Center” finansiert av Trond Mohn Stiftelse. Prosjektet er eit tverrfaglig samarbeid mellom forskingsgrupper ved Haukeland universitetssjukehus og Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Kandidaten som vert tilsett vil verte ein del av ei tverrfagleg forskingsgruppe som arbeider i grenseflata mellom organometallisk, organisk og radiofarmasøytisk kjemi, med hovudmålsetting om å syntetisere kompleks av radiometall immobilisert på peptider for PET-avbilding i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus i Bergen.
  • Prosjektet involverer optimalisering av fangstmetodikk for underutvikla overgangsmetallbaserte radio-tracere med funksjonaliserte resin, med sikte på å effektivt forkorte prosedyrane for metall-resin dissosiasjon og forbetre deira hydrolytiske stabilitet i polare medium som er kompatible med in vivo forhold.
  • Dei eksperimentelle undersøkingane vil også omfatte design og syntese av funksjonaliserte multidentate chelatorer for effektivt å fange radiometaller og deira påfølgande immobilisering på peptider.
  • Kandidaten som vert tilsett vil verte innlemma i ei gruppe som inkluderer doktorgradsstipendiatar og bachelor/master-studentar og vil kunne nytte dette til å utvikle leiarskap og rettleiing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Solid bakgrunn i organometallisk syntese er eit krav.
  • Tidlegare erfaring med karakteriseringsteknikkar, spesielt erfaring med NMR-spektroskopi (inkludert VT, in-situ eksperimenter, qH-NMR), MS, IR, Raman, UV-Vis, røntgenkrystallografi, TLC og HPLC er ein føremon.
  • Søkjarane må i søknaden tydeleg indikere og dokumentere type og nivå av relevant erfaring innan organometallisk syntese og kvar karakteriseringsteknikk.
  • Erfaring frå organisk kjemi (spesielt ved syntese av nye multidentate ligander) og frå radiofarmasøytisk kjemi er ein føremon, og må vere tydeleg spesifisert og dokumentert i søknaden.
  • Søkjarar må vere i stand til å arbeide sjølvstendig, strukturert, ansvarleg og sikkert. Dei må òg kunne samarbeide med andre, og ha entusiasme for forsking og høg arbeidskapasitet.
  • Søkjarar må ha svært gode evner i skriftleg og munnleg kommunikasjon på engelsk.
  • Dokumenterte døme på formidling av vitskaplege resultat til eit breitt publikum av ikkje-spesialistar er ein føremon.

Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil telje i vurderinga av kandidatane. Det same gjeld personlege og mellommenneskelege eigenskapar .

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit sterkt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV (maksimalt 3 sider som eit eiget dokument vedlagt søknaden)
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil fem relevante publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Dr. Erwan Le Roux, tlf. +47 55589491, E-mail: Erwan.LeRoux@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS