Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i isotopklynge - paleoseanografi

Søknadsfrist: 01.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultetet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap (www.uib.no/geo) er det ei ledig stilling som postdoktor innan isotopklyngetermometri i paleoseanografi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til C4T prosjektet, finansiert av det europeiske forskingsrådet (ERC) og Universitetet i Bergen. Oppstart er 1. januar 2020.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Isotopklyngetermometri er eit geokjemisk verktøy for å rekonstruere danningstemperaturar av mineraler. I isotopklynge gruppa i Bergen bruker vi metoden på bentiske og planktoniske foraminiferar for å rekonstruere tidlegare temperaturendringar i vassoverflata og i djuphavet. Vår state-of-the-art laboratorium har to Thermo Fisher MAT253Plus massespektrometer koblet til Kiel IV karbonatprepareringsinstrument. Stillinga vil være ein del av eit team sett saman av to stipendiatar og tre postdoktorar, leia av Dr. Nele Meckler. Så langt har gruppa fokusert på aspekt rundt metodeutvikling, inkludert forbetring av kalibrering for foraminifera og vurdering av effektane frå diagenetisk endring. I dei neste åra, mens vi fortset det metodiske arbeidet, skal vi fokusere på rekonstruksjonar av fortidsklima i forskjellige lokalisasjonar og tidsintervallar gjennom kenozoikum.

I dette underprosjektet skal vi spesielt fokusere på rekonstruksjon av djuphavstemperaturar gjennom Paleogen. Vi er på jakt etter ein person med førstehandsrøynsle med isotopgeokjemi og foraminifera taksonomi med bakgrunn i tidleg kenozoisk paleoklima.

Arbeidsoppgåver:

  • Prøvepreparering og isotopklynge massespektrometri
  • Deltaking i rutinar, feilsøking og kvalitetskontroll på isotopklyngelaboratoriet
  • Rettleiing av masterstudentar
  • Datatolking i samarbeid med klimamodellørar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor geovitskap, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du skal ha førstehandsrøynsle frå isotopgeokjemi
  • Tidligere erfaring med isotopklyngetermometri vil vere ein føremon
  • Du bør ha god kunnskap om taksonomi av foraminiferar, fortrinnsvis frå tidlige intervall i kenozoikum
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet kan bli lagt til som oppgåver i stillinga dersom den som tilsetjast manglar undervisningserfaring eller annan kvalifiseringskompetanse. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Dr. Nele Meckler, Department of Earth Science, Tel. +47 55 583530, 
nele.meckler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS