Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC)

Søknadsfrist: 01.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for framifrå forsking, Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC), Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling (100 %) som postdoktor for ein periode på tre (3) år. Stillinga vil fokusere på digitale helseintervensjonar knytt til folkehelse og primærhelsetenester i låg- og mellominntektsland. Stillinga vil vere knytt til pågåande og planlagde klyngerandomiserte kontrollerte studiar og implementeringsforsking på elektroniske helseregistre i låg- og mellominntektsland.

Postdoktoren vil bli tilsett ved Universitetet i Bergen, Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, og vil arbeide med eRegisterteamet i Global helseklynge, Divisjon for helsetenester, Folkehelseinstituttet i Oslo. Arbeidsstaden vil vere ved Folkehelseinstituttet i Oslo.

Om CISMAC og FHI

CISMAC (www.cismac.no) er tildelt status som Senter for framifrå forsking av Noregs Forskingsråd, og er forankra ved Senter for internasjonal helse ved UiB. CISMAC gjennomfører store randomiserte studiar for å få kunnskap om tiltak som kan betre mødre-, nyfødd og barnehelse og –utvikling på ein effektiv og utjamnande måte. Målet er å få kunnskap om effekt, kostnadseffektivitet, utjamningseffekt og kontekstuelle faktorar ved intervensjonane. Det er eit internasjonalt konsortium av forskingsinstitusjonar i Afrika, Sør-Asia og Noreg.

Folkehelseinstituttet (FHI) har omtrent 1000 tilsette i Oslo og Bergen. Hovudmålet til instituttet er å produsere forskingsbasert kunnskap som kan betre folkehelsa. FHI er plassert direkte under Helsedepartementet. eRegisterteamet ved Global helseklynge implementerer og studerer effekten av digitale intervensjonar integrert i helseregistre (www.eregistries.org) på kontinuiteten og kvaliteten til helsetenester for kvinner og barn. Teamet kombinerer arbeidet med å utvikle opne og gratis løysingar og kapasitetsstyrking i låg- og mellominntektsland med implementerings- og intervensjonsvitskap. Noverande partnarar er i Palestina, Bangladesh og Ghana.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Fokus for eRegisterprosjekta er å undersøkje rolla til integrerte reproduktive helseregistre i å støtte kontinuitet og kvalitet i tenestene for kvinner og barn. Utviklingsområde for eRegisterteamet er å styrke implementeringsforsking på oppskalering på befolkningsnivå, og intervensjonsforsking for å auke effekten på helsesystemnivå. I Palestina har eit elektronisk mor-barnregister blitt rulla ut nasjonalt, og randomiserte studiar er gjennomført for å måle effekten av det. I Bangladesh blir eit elektronisk register brukt til å evaluere og auke effekten av eit mor- og barnhelseprogram i lokalsamfunn i Matlab. Nye studiar og implementeringsforsking er planlagt i nye låg- og mellominntektsland i Søraust-Asia og Afrika sør for Sahara.

Hovudmåla for stillinga er å støtte pågåande prosjekt, samt å designe og gjennomføre nye intervensjons- og implementeringsstudiar om rolla, effektiviteten og effekten til «eRegistries». Det er forventa at den som vert tilsett i stillinga vil bidra til utviklinga av fleire prosjekt og samarbeid i Søraust-Asia og Afrika sør for Sahara.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Doktorgraden må vere innan intervensjons- og / eller implementeringsvitskap knytt til mødre- og barnehelsetenester og / eller digital helse og / eller relaterte felt. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • søkjar må ha erfaring med arbeid i eller med låg- og mellominntektsland, eller med andre sosioøkonomisk utsette befolkningar
  • søkjar må ha sterke ferdigheiter i datahandtering og analyse i statistisk programvare (helst R), og erfaring med databasar frå helseinformasjonssystem (helst PostgreSOL eller DHIS2)
  • søkjar må ha utmerka kommunikasjonsferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk, språkferdigheiter på norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein føremon
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt, slik som sjølvstendig arbeid og arbeid i team, vere motivert og ansvarleg, ha sterk arbeidsetikk og kapasitet, samt entusiasme for forsking

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 523 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 542 400, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Ingvild Fossgard Sandøy e-post: ingvild.sandoy@uib.no, telefon: +47 55 58 85 54, eller
  • Frederik Frøen, e-post: Frederik.Froen@fhi.no, telefon: +47 21 07 80 29

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS