Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 19.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som postdoktor innan utlendingsrett. Stillinga er oppretta for eit samarbeid med forskingsprosjektet «Wait - I vente på ein usikker framtid: temporalitetar rundt irregulær migrasjon». Wait-prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og er leia av Christine M. Jacobsen ved senter for kvinne- og kjønnsforsking. Postdoktorstillinga er lønna av Det juridiske fakultet, og den som blir tilsett, vil ha arbeidsplass på fakultetet.

Stillinga er for ein periode på to år. Tiltreding i august 2019 eller etter avtale.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Den som blir tilsett i postdoktorstillinga, må kunne samarbeide med kollegaer frå andre fagfelt.
  • Forskingsarbeidet til postdoktoren skal leie til minst tre vitskaplege publikasjonar, kor minst ein må vere knytt til tematikken i Wait-prosjektet.
  • Det blir forventa at postdoktoren bidrar til å formidle forskingsresultata.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i rettsvitskap eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha levert ph.d.-avhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er godkjend/oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha gode samarbeidseigenskapar og kunne bidra til å byggje opp eit godt fagmiljø.
  • Den primære forskingskompetansen din må vere knytt til utlendingsrett, og du må ha kjennskap til dei norske reglane.
  • Du må ha gode kunnskapar i både norsk og engelsk, så vel munnleg som skriftleg.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Du må levere ein prosjektomtale saman med søknaden innan søknadsfristen. Prosjektomtalen skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakt for åremålstilsetjinga. Du skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 72 (kode 1352/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 658 300 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle andre publikasjonar
  • Prosjektomtale
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk ph.d.-grad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prodekan Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49, e-post:Anne.Froseth@uib.no, eller
  • HR-rådgjevar Anita H. Garden, tlf. 55 58 96 76, e-post: Anita. Garden@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

Du finn meir informasjon om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS