Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (Institutt for biomedisin)

Søknadsfrist: 14.07.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Universitetet i Bergen, Institutt for biomedisin , er det ledig ei 3-årig stilling som postdoktor knytt til prosjektet ” TGF-beta induced microtubes - new communication structures of brain tumor cells”, finansiert av Kreftforeningen. Postdoktoren vil tilhøyre forskingsgruppa Translasjonell kreftforskning. Arbeidsstad er Bygg for Biologiske Basalfag, Jonas Lies vei 91, Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi undersøker mekanismer av invasjon og terapiresistens i maligne hjernesvulster. Forskningen er basert på unike celle- og dyremodeller. En spesiel fokus av prosjektet er ”microtubes” som er viktig for kommunikasjon mellom tumorcellene og stromale celler. Det skal undersøkes hvilken mekaniskmer er viktige for dannelse av mikrotubes og om mitokondrier kan utveksles mellom tumorcellene/stromale celler gjennom «mikrotubes». Se på webside https://www.uib.no/rg/miletic for ytterlige informasjon. Gruppen har et sterk samarbeid med en forskningsgruppe i Bordeaux, Frankrike (https://www.u1029.u-bordeaux.fr/en/members-of-the-unit/)

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga er:

- planleggje og utføre in vitro og in vivo eksperiment for prosjektet

- delta i skriving av publikasjonar og søknader

- delta i rettleiing av ph.d. og master studentar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Hrvoje Miletic, tlf +47 96847286, e-post hrvoje.miletic@uib.no

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha ph.d.-grad innan cellebiologi, eller tilsvarande utdanning, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Søkjar burde ha erfaring med kreftforskning
  • Søkjar burde ha erfaring i frå / med cellekultur, konfokal mikroskopi, flow cytometri, CRISPR/Cas9 og lentiviral shRNA teknologi, western blot, co-immunopresipitasjon og dyreforsøk
  • Erfaring i Bioinformatikk (analyse av sekvenseringsdata) er en fordel
  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan nevro-onkologi.
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida kr 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Hrvoje Miletic, e-post: Hrvoje.Miletic@uib.no, telefon: +47 968 47 286

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista.

Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS