Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i molekylærbiologi

Søknadsfrist 17.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i molekylærbiologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i molekylærbiologi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til Computational Biology Unit (CBU) og Sars-senteret, som er partnar med EMBL - European Molecular Biology Laboratory. Stillinga er finansiert av Kreftforeningen.

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Forskingsgruppa er leia av dr. Eivind Valen. Stillinga er knytt til prosjektet «Metastatic in translation - decoding the protein synthesis program for metastatic potential» og er ledig frå mai 2019.

Gener kan reguleres på fleire nivå. Dei kodes i DNAet og blir så “transkribert” til RNA molekyler som igjen blir “translatert” til proteiner. Ofte er mengda av RNA proposjonal med mengda proteiner, men slik er det ikkje alltid i kreftceller. Dette tyder på at translateringen ikkje fungerer som den skal og at eit alternativt krefttranslaterings-program har overtatt. Dette er spesielt tydeleg i utviklinga av metastaser hvor programmet kan bli ytterlegare forstyrra. Nylig har det blitt mogleg å overvake translasjonen av alle tusenvis av genene i cellene samtidig ved hjelp av heilt nye teknikkar. Vårt prosjekt vil for første gang i verda benytte ein slik teknikk til å undersøkje translasjonsprogrammet i kreftceller og i utviklinga av metastaser. Ved å dekode translasjonsprogrammet kan vi identifisere hvilke gener som er påverka og hvilke faktorar som er involvert i å endre programmet og å dytte cellene mot metastasering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor molekylærbiologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå grunnleggande mikrobiologiske metodar er eit krav
  • Erfaring med enten zebrafisk eller neste generasjons sekvensering er ein fordel, men sterke kandidatar med erfaring i relaterte teknikkar vil kunne bli vurderte.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 -65 ( (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200 - 576 100,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, eller ei stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 17.04.2019

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleiar Eivind Valen, telefon +47 55 58 40 74

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS