Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i kvantitativ økologi i prosjektet «The Humans on Planet Earth (HOPE)»

Søknadsfrist: 15.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som postdoktor, knytt til «The Ecological and Environmental Change Research Group» (https://www.uib.no/en/rg/EECRG).

Den som blir tilsett, vil arbeide innan det ERC-finansierte prosjektet «Humans on Planet Earth: Long-term impacts on biosphere dynamics» (HOPE) (https://www.uib.no/en/rg/EECRG/107501/hope). Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år (1. januar 2020 – 31. desember 2022) med moglegheit for ei forlenging med inntil 6 månader.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Eit sentralt spørsmål i naturvitskapen er å finne ut kor mykje det prehistoriske mennesket påverka biosfæren og klimaet. Vi veit mykje om korleis mennesket påverkar økosystema gjennom skogshogst, landbruk, erosjon, kretslaup, vatn og næringsstoff. Mennesket har i løpet av dei siste 11 000 år hatt stor innverknad på biologiske og geologiske komponentar på kloden, men har mennesket også påverka sentrale økologiske prosessar, som korleis artane interagerer med kvarandre og dannar økologiske samfunn, dynamikk og strukturar? For å svare på desse spørsmåla ser vi i dette prosjektet på mønster i pollenstratigrafiske data for dei siste 11 500 år (Holocene) frå meir enn 1000 stader vidt spredte rundt om på kloden. Forskjellige numeriske analysar vil bli brukt for å studere endringar i 25 forskjellige eigenskapar for økosystema (artsmangfold, jamnhet i abundans mellom artane, raten av endringar i artskomposisjon, kva artar som forekjem saman, etc.). Mønster i desse eigenskapane vil bli samanlikna innanfor og mellom biomer og kontinent ved hjelp av forskjellige statistiske metodar for å teste forskjellige hypotesar om og korleis det prehistoriske mennesket endra grunnleggjande økologiske prosessar og korleis dette har endra seg over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i kvantitativ økologi, samfunnsøkologi, makroøkologi eller biogeografi, med særleg vekt på til dømes multivariate data-analysar, mønster i artsrikdom, økologiske endringar og dynamikk og testing av økologiske eller biogeografiske hypotesar ved bruk av statistiske randomiseringar. Alternativt må søkjarane ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kjennskap til moderne statistiske og multivariate numeriske metodar relevante for samfunnsøkologi og biogeografi er nødvendig.
  • Ekstensiv erfaring med programmering i R er nødvendig.
  • Erfaring med å utvikle reproduserbare arbeidsrutinar i store økologiske, palaeoøkologiske eller biogeografiske datasett vil vere ein stor fordel.
  • Søkjarar må ha ein god bakgrunn fra økologi eller biogeografi. Den utvalgte kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og samtidig vere open for nye kreative moglegheiter. Kandidaten må kunne samarbeide med andre innan HOPE-prosjektet i Bergen og internasjonalt og innan forskingsgruppa EECRG.
  • Evne til pro-aktiv problemløysing vil bli vektlagt.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Arbeidserfaring frå store internasjonale prosjekt er ein fordel.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særlege eigenskaparDen tilsette vil få ansvaret for følgjande arbeidsoppgåver innanfor HOPE-prosjektet:

  • Gjennomføring av ei rekke avanserte multivariate dataanalysar på eit startantal pollensekvensar for å estimere økosystemeigenskapane som er relevante i prosjektet, til dømes taksonomisk og funksjonell diversitet, endringar i artskomposisjon og raten av desse endringane.
  • Utvikle numeriske metodar for undersøking av om takson korrelerer meir enn man kan forvente ved tilfeldigheiter for dei pollenstratigrafiske data, og for å oppdage endringar i dei økologiske mønster frå slike data.
  • Utvikle tilpassa randomiserings- og permuteringstestar for å teste spesifikke hypotesar som er relevante for forskingsspørsmål i HOPE
  • Spele ei aktiv rolle i HOPE-forskargruppa og i publisering av resultata frå HOPE-prosjektet

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett, manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden med inntil 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål, alternativt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste), med DOI om desse er tilgjengelege.
  • eventuelle publikasjonar som ikke har DOI

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS