Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i filosofi

Søknadsfrist: 16.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig ei treårig stilling som postdoktor med tilsetjing tidlegast frå 1. januar 2020. Det kan bli aktuelt å leggje inn eit fjerde pliktarbeidsår i stillinga dersom den som blir tilsett sjølv er interessert i det. Dette blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad i filosofi, eller eventuelt ha tilsvarande utanlandsk utdanning. Doktoravhandlinga skal vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.

Fagleg kvalitet vil vere hovudkriteriet når ein rangerer og innstiller søkjarane. Dersom desse er på eit tilnærma likt nivå, kan instituttet sine faglege behov bli avgjerande ved innstillinga av søkjarane.

Berre søkjarar med forskingsprosjekt som passer inn i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet vil få søknadane sine vurdert.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperiode for stillinga er 3 ellre 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.Framlegget blir utarbeidd i samarbeid med fagleg rådgjevar/leiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Dersom pliktarbeid (inntil eitt årsverk) blir lagt inn i stillinga, vil dette i all hovudsak bli undervisning, rettleiing og evalueringsarbeid knytt til instituttet sitt Examen philosophicum-tilbod. Eit fjerde pliktarbeidsår føreset at den som blir tilsett beherskar norsk når pliktarbeidet skal gjennomførast.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn tilsvarande lønssteg 59 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 514.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjarane skal nytte det elektroniske CV-skjemaet som ein finn der. I tillegg må dette følgje søknaden:

  • Prosjektomtale (inntil 5 sider)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Eit kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil 5 sider)
  • Vitnemål frå universitet/høgskole som dokumenterer relevant utdanning for søknaden (skanna versjon av originalar eller stadfesta kopiar)
  • Liste over vitskapelege arbeid
  • Representative vitskapelege arbeid, inntil 3.
  • Namn og kontaktinformasjon for 3 referansepersonar

Vedlegga kan vere i word- eller pdf-format.

Dei vedlagte vitskapelege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskapelege arbeid og omsetjingar av vitnemål og vitskapelege arbeid må vere lasta opp innan søknadsfristen.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort. Det kan også bli aktuelt med ei prøveførelesning.

Spørsmål om den elektroniske søkeprosedyren kan sendast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 16.06.2019

Merk søknaden: 19/4018

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS