Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Senter for ernæring

Søknadsfrist: 01.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, Senter for ernæring er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Mohns ernæringsforskingslaboratorium”, finansiert av Trond Mohn Stiftelse.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Mohns ernæringsforskingslaboratorium ble starta i 2018. Målet med prosjektet er å utføre ernæringsforsking av høg kvalitet som omhandlar mekanismar, diagnose, komorbiditet og behandling av fedme og underernæring ved å nytte molekylær, klinisk og epidemiologisk tilnærming. Mohns ernæringsforskingslaboratorium er ein del av Senter for ernæring ved Klinisk institutt 2 (K2) (https://www.uib.no/ernaring).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor klinisk ernæring, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • erfaring frå epidemiologiske studiar innan ernæring
  • nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

Særeigne krav for stillinga:

Søkjar må ha generelt gode kvalifikasjonar innan kliniske og epidemiologiske metodar nytta i ernæringsforsking, og det er ein føremon om søkjaren har kunnskap og erfaring knytt til bruk av programvaren R. Det er vidare ein føremon om søkjaren har erfaring med forsking knytt til bruk av dyremodellar, og gjerne erfaring med undervisning og rettleiing av bachelor- og masterstudentar.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 523 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 542 400, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen