Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 16.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (3 år)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Maxibone”, finansiert av EU-kommisjonen (H2020, 779322).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Styrt regenerasjon av beinvev omfattar ei rekkje tilnærmingar for å erstatte tapt eller skada beinvev. Nydanning av bein på denne måten krev ein kombinasjon av stavceller med eit tredimensjonalt (3D) biomaterial.

Hovudoppgåvene i prosjektet er:

  • Å utvikle metodar for regenerasjon av ulike typar beindefektar som kan overførast frå laboratoriet til klinikk.
  • Å forstå og samanlikne effekten av stamcellebehandling frå ulike celler (til dømes frå beinmarg og feittvev)
  • Å forstå samspelet mellom stamceller og andre celler i kroppen etter implantering, ettersom stamcellene har evne til å skilje ut ei rekkje løyselege molekyl som innverknad i tilhelingprosessen.
  • Å redusere kostnadane av cellebehandling ved å nytte automatiserte bioreaktorar. Vi ynskjer å oppnå cellekulturar i lukka bioreaktorsystem, med eller utan syntetiske biomaterial for å kunne produsere 3D beintransplantat med minimale kostnadar og maksimal effekt.
  • Å utvikle pasienttilpassa 3D-printa biomaterial med stamceller for framtidig regenerasjon av store beindefektar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor odontologi og innan feltet stamcelleforsking og styrt regenerasjon av beinvev, eller ha levert og fått godkjent doktorgradsavhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med isolering, dyrking og karakterisering av stamceller frå feittvev og beinmarg. Søkjaren bør også kunne vise til erfaring frå 2D og 3D cellekulturar, interaksjonar mellom biomaterial og celler, bioprinting, 3D-printing og preklinisk forsking.
  • Erfaring med bruk av forsøksdyr, injeksjonsteknikkar og avansert bildebehandling (til dømes MR, PET / CT). Ho/han må ha god kompetanse med modellar innan beindefektar.
  • Bør kunne dokumentere erfaring frå laboratoriet for teknikkane som inngår i prosjektet. Dette inkluderer mellom anna molekylærbiologi, immunohistokjemi/cytokjemi med kvantifisering og analyser, inkludert micro-CT.
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, samt ha gode samarbeidsevner.
  • Må kunne norsk og engelsk munnleg og skriftleg.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Kamal Mustafa, e-post: : kamal.mustafa@uib.no, telefon: +47 55 58 60 97

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS