Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 år) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 02.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (3 år)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til ERC Consolidator Grant prosjektet ”Discovery and functional significance of post-translational N-terminal acetylation”, finansiert av det Europeiske Forskingsrådet (ERC).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Målet med prosjektet er å biokjemisk karakterisere nye enzym av typen acetyltransferaser. N-terminale acetyltransferaser (NATs) sørger for påsetting av ein acetylgruppe på dei fleste protein i menneskeceller noka som gjer N-terminal acetylering til ein av dei aller mest vanlege former for protein modifisering. Se TiBS, doi: https://doi.org/10.1016/j.tibs.2016.07.005
  • Forskingsgruppa vår ved UiB (https://www.uib.no/rg/nat) har identifisert og karakterisert heile det hittil kjente NAT-maskineriet som opererer i humane celler. Vi har likevel grunn til å tro at det finnast fleire slike NATs som har ein sentral rolle i cellene våre. Ved å kartleggje desse enzyma kan vi auke vår forståing for grunnleggjande cellulære prosessar med stor relevans for sjukdom. Se Mol Cell, doi: https://doi.org/10.1016/j.molcel.2019.02.007
  • Hovudoppgåver for kandidaten vil vere planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forsking på post-translasjonell N-terminal acetylering knytt til ERC-prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan protein biokjemi trengst for å gjennomføre arbeidsoppgåvene knytt til dette prosjektet. Det vil bli sjølvstendig forskingsarbeid med ansvar for gjennomføring av sentrale delar av ERC-prosjektet frå ide til publikasjon. Samtidig vert det forventa at kandidaten skal samarbeide med andre medlemmer av gruppa for å løyse større problemstillingar knytt til prosjektet.
  • Kandidaten vil og rettleie studentar frå bachelornivå til ph.d.-stipendiatar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor biokjemi/molekylærbiologi, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • erfaring frå arbeid med membranprotein er naudsynt (ulike ekspresjonssystem, reinsing og analysar).
  • søkjar må ha produsert originale peer-review publikasjonar som førsteforfattar i internasjonale tidsskrift innan feltet i) membranprotein biokjemi og/eller ii) biokjemi av proteinmodifiseringar og/eller iii) biokjemi av proteinmodifiserande enzym.
  • arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og kunne samarbeide med andre
  • søkjar må vere motivert og ansvarleg, og ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må kunne nytte engelsk munnleg og skriftleg

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Thomas Arnesen, e-post: thomas.arnesen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS