Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor (2 stillingar) - Institutt for global helse og samfunnsmedisinske fag

Søknadsfrist: 18.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (2 stillingar)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisinske fag, er det ledig to stillingar som postdoktor (100%) for ein periode på fire (4) år, finansiert av Det europeiske forskingsrådet.

Stillingane er knytt til European Research Council Advanced Grant (ERC_AdG) og prosjektet ”A woman’s reproductive experience: Long-term implications for chronic diseases and death” (HealthierWomen).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Komplikasjonar i svangerskap slik som for tidleg fødsel, vekstretardasjon og preeklampsi er kjend for å påverke spedbarns helse, men komplikasjonane si innverknad på langtidshelse til mødrene har det i mindre grad vore fokusert på. Tidlegare publiserte studiar har hatt sin basis i mødrene sitt første svangerskap, medan vi ser at mor si langtidshelse vert modifisert av ytterlegare svangerskap. Noreg er ein av få stader der populasjonsdata gjer studier av suksessive svangerskapsutfall og relasjon til mors dødelegheit 10-20 år etter siste svangerskap mogleg. Foreløpige resultat viser sterke heterogenitetar i risiko for tidleg død etter livstidsparitet og den akkumulerte innverknaden av komplikasjonar i svangerskap. Medisinsk fødselsregister inneheld alle fødslar frå 1967 til 2018. Våre data er ein verdsomspennande unik kjelde til kunnskap om samanhengen mellom reproduksjon og langtidshelse.

Hovudmåla for stillingane er å utnytte våre unike registre til å;

  • utføre epidemiologiske analysar ved hjelp av våre tilknytta registerdata
  • anvende avanserte metodar innan biostatistikk og epidemiologi
  • skrive vitskaplege artiklar i fagfelle vurderte tidsskrift
  • presentere resultat i vitskaplege konferansar og møter
  • rettleie ph.d. kandidatar i forskargruppa
  • aktiv deltaking i vår forskargruppe
  • bidra til planlegging av workshops og møter med samarbeidspartnarar i Noreg og internasjonalt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad (eller annan utdanning tilsvarande ein norsk doktorgrad) innan epidemiologi, biostatistikk, informatikk eller ein tilknytt disiplin, eller ha levert og fått godkjent doktorgradsavhandling innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Erfaring med å køyre avanserte biostatistiske modellar eller evne og interesse for å lære avansert biostatistikk og moderne epidemiologi
  • Kunnskap i bruk av STATA, R-verktøy og andre statistiske pakkar vil vere ein føremon
  • Å ha produsert originale fagfelle vurderte publikasjonar i internasjonale tidsskrift innan reproduktiv epidemiologisk forskning, biostatistikk eller statistiske metodar vil vere av betyding
  • Personlege ferdigheiter vil også verte tillagt vekt. Kandidaten må vere motivert og ansvarsfull, ha god arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav, samt grunnleggjande norskkunnskapar

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24.6) for tida kr. 552 800, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 63 for tida kr. 563 700, med spesialistutdanning lønssteg 65 for tida kr. 583 900, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • relevante attestar
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen