Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor - Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC)

Søknadsfrist: 08.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senteret for framifrå forsking, Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC) ved Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei 75% stilling som postdoktor for ein periode på fire (4) år. Postdoktoren vil bli finansiert av Universitetet i Bergen. Stillinga vil bli kombinert med ei 25% stilling ved Chr. Michelsen Institutt (CMI). Arbeidsstaden vil vere ved CMI.

Om CISMAC og CMI

CISMAC er finansiert av Noregs Forskingsråd, og gjennomfører store randomiserte studiar for å få kunnskap om tiltak som kan betre mødre-, nyfødd og barnehelse og –utvikling på ein effektiv og utjamnande måte (www.cismac.org).

CMI er eit uavhengig forskingsinstitutt i Berrgen og er ein av partnarane i CISMAC. CMI arbeider med globale utviklingsutfordringar – ved å skaffe forskingsbasert kunnskap som informerer og inspirerer praksis og politikk (www.cmi.no). CMI tilbyr eit fleirfagleg forskingsmiljø, hovudsakleg innan økonomi, statsvitskap og sosialantropologi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Deltaking i pågåande prosjekt og mulegheiter til å gjennomføre eigne forskingsprosjekt innan global helse. Utfordringar relatert til mødre-, barne- og ungdomshelse er spesielt relevante. Pågåande prosjekt inkluderer ein studie av resultatbasert finansiering for å styrke helsetenestebruk og –kvalitet i Tanzania og ein studie som måler effekten av økonomiske og utdanningsmessige tiltak for å redusere førekomsten av tenåringsgraviditetar i Zambia
  • Analyse av kvantitative datasett og publisere artiklar som del av ei forskarteam
  • Deltaking i utviklingspolitikk og –praksis i Noreg og internasjonalt gjennom Development Learning Lab, eit nytt initiativ mellom CMI, UiB og Norges Handelshøyskole

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd ph.d.-grad innanfor relevante felt som økonomi, epidemiologi, eller andre kvantitative disiplinar, eller ha levert og fått godkjent doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • solid kunnskap om kvantitative forskingsmetodar
  • nytte flytande engelsk munnleg og skriftleg
  • ei sterk interesse for ei karriere innan global helseforsking. Kandidatar som kan kombinere global helseforsking med relevante tematiske felt er velkomne til å søkje.
  • ferdigheitar i å utvikle og gjennomføre feltbasert forsking i låg- og mellominntektsland
  • personlege kvalitetar vil ble vektlagt. Kandidaten må vere i stand til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i eit team, vere motivert og ansvarleg, ha stor arbeidskapasitet, og ha evne og vilje til å kommunisere forskingsfunn til avgjerdstakarar

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 523 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 542 400, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.7) for tida 563 700, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på godkjent avhandling
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør Ottar Mæstad, e-post: ottar.mestad@cmi.no, telefon +47 4818 9504 eller
  • Professor Ingvild Fossgard Sandøy, e-post: ingvild.sandoy@uib.no, telefon: +47 5558 8554 / +47 5558 6075

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS