Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

PhD stipendiat i steinalderarkeologi

Søknadsfrist: 15.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiati steinalderarkeologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen lyser ut ei fulltidsstilling som PhD-stipendiat i steinalderarkeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytta til forskargruppa COASTARK og prosjektet Coastal demography in Stone Age western Norway. A cross-disciplinary approach Doktorgradsprosjektet skal ta utgangspunkt i materiale frå Universitetsmuseet, anvende nye metodar for studiar av palaeodemografi og bidra til dei internasjonale diskusjonane på dette forskingsfeltet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Demografisk utvikling i steinalder er eit internasjonalt voksande arkeologisk forskingsfelt, der nyare metodar og bruk av stordata (big data) gjev meir pålitelege resultat enn tidlegare. I Skandinavia arbeider fleire forskingsmiljø no med dette feltet og ved Universitetsmuseet i Bergen har forskingsgruppa COASTARK etablert prosjektet Coastal demography in Stone Age western Norway. A cross-disciplinary approach. Siktemålet med dette prosjektet er å undersøke demografiske endringar i den vestnorske regionen gjennom ei multi-proxy tilnærming.

Det rike og varierte materialet frå ei lange rekke arkeologiske granskingar i denne regionen gir ei unik moglegheit for å bidra til den internasjonale debatten om dette temaet, og til metodeutvikling innafor ulike tilnærmingar. Stipendiatstillinga som Universitetsmuseet lysar ut skal resultere i en PhD-avhandling om dette temaet. Søkjarar kan i sitt prosjektforslag fokusere på alt frå kvantitative metodar og statistiske analyser, GIS-baserte romlege analysar til teknologiske tilnærmingar. Det blir venta at steinaldersamlinga på Universitetsmuseet er sentral for forskinga i prosjektet, og at eit siktemål er å sette den demografiske utviklinga i steinalderen i Vest-Norge inn i ein Nordeuropeisk kontekst.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i arkeologi. Graden må vera oppnådd innan søknadsfristen er ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner er naudsynt.
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg på eit skandinavisk språk og engelsk er eit krav.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid. Pliktarbeid vil bli lagt til steinaldersamlinga ved museet, og vil omfatte til dømes revisjonar, databasearbeid, katalogisering og anna ordning av kjeldematerialet. Noko formidlingsarbeid kan òg bli aktuelt. En del av pliktarbeidet vil bli relatert til oppgåver knytt til forskingsgruppa COASTARK som blir koordinert frå Universitetsmuseet. Dersom søkjaren tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Arbeidsstad er Universitetsmuseet i Bergen, Noreg.

Om forskarutdanninga:

Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til Ph.D.-studiet ved Universitetet i Bergen. Stipendiaten skal gå inn i den organiserte Ph.D.-utdanninga ved Det humanistiske fakultet (program ved institutt for AHKR), UiB, innafor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent innan tre månader etter at stipendiaten har teke til i stillinga. Hovudrettleiar vil vere vitenskapeleg ansvarleg for steinaldersamlinga på Universitetsmuseet, professor Knut Andreas Bergsvik.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 51 (kr 449.400, kode 1017/LR 20, alternativ 9) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ved Universitetsmuseet (maksimum 1 side)
  • Eit forslag til et doktorgradsprosjekt (prosjektomtale) i samsvar med stillingsomtalen (maksimum 5 sider), og utkast til plan for gjennomføring og formidling av resultat
  • CV
  • PDF av masteroppgåve og andre vitskaplege publikasjonar (maksimum 5)
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar og sertifikat. - Liste over faglege og populærvitskaplege publikasjonar og presentasjonar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse må vere hovudrettleiar frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

Avdeling for kulturhistorie har 28 fast tilsette (13 vitskaplege stillingar, 10 tekniske og 5 administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inkl. 3 stipendiatstillingar. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Vitskapleg ansvarleg for steinaldersamlingane, professor Knut Andreas Bergsvik, telefon +4755583136 / e-post: knut.bergsvik@uib.no

Det statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Søknader sende på e-post til tilsette ved avdelinga vil ikkje bli vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS