Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

PhD stipendiat i sosialantropologi

Søknadsfrist: 15.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i sosialantropologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen lyser ut ei fulltidsstilling som PhD-stipendiat i sosialantropologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Doktorgradsprosjektet skal ta utgangspunkt i tematikk rundt kulturarv og konflikt, med fokus på ein spesifikk kulturarvstad i Skandinavia, Midtausten, Asia eller Oceania. Stipendiaten skal gjennomføre antropologisk feltarbeid, med deltakande observasjon, på sosiale prosessar og konfliktar som omhandlar sosial identitet, religion og/eller økonomi

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Kulturarv og konflikt er eit veksande forskingsfelt innafor faga antropologi og arkeologi, og då særskilt gjennom ‘Critical Heritage Studies’ og ‘World Heritage Studies’.

Kulturarv står globalt sett i sentrum for spørsmål om felleseige, bruk av offentlege rom, deltakande demokrati og identitet til minoritetar og lokale grupper. Samstundes ser vi at kulturarv er drivkraft for kommersiell turisme, elitistisk appropriering og framandgjering av lokale folk.

I dag er handteringa av kulturarv eit spenningsfylt felt med mange debattar og problemstillingar på ulike nivå: Kva er framtida til UNESCO og internasjonale avtalar? Kva kan dei tidlegare koloniherrane gjera med stadig sterkare krav om repatriering av kulturarv? Korleis kan lokale grupper halde vedlike vektlegginga og funksjonen til deira viktigaste kulturarv i møte med masse-turisme? Kor sterkt påverkar nasjonalistiske eller regionalistiske diskursar forståinga av historia eller forhistoria? Dette er spørsmål på den større globale agendaen, men dei har og ei tilsvarande vekt for lokale samfunn. Vi vil at PhD-stipendiaten skal forske på slike tema i ein lokal kontekst. Dette inneber eit kvalitativt studium, med etnografisk deltakande observasjon, knytt til ein kulturarvstad. Stipendiaten skal fokusera på konfliktar rundt til dømes lokalpolitikk og reformer, lover og reguleringar, tilgjenge, repatriering, turisme, identitet, vitskaplege tolkingar, religion og ritual. I søknaden er det fint om stipendiaten kan foreslå ein kulturarvstad i Skandinavia, i Midtausten, Asia eller Oceania som ho eller han har særskilt interesse for.

Stipendiaten vil ta del i ei forskingsgruppe ved Universitetet i Bergen, og i eit internasjonalt nettverk, for å utvikle samanlikning av konfliktfylte kulturarvstader og -objekt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande. Graden må vere oppnådd innan søknadsfristen
  • Kunna arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg, på eit skandinavisk språk eller engelsk

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid. Pliktarbeidet vil bli lagt til den etnografiske samlinga ved museet, og vil omfatte blant anna arbeid med databasane, revisjonar, katalogisering og anna arbeid med samlingane. Formidling og undervising kan òg bli aktuelt. Ein del av pliktarbeidet vil bli knytt til oppgåver i forskingsgruppa ved Universitetsmuseet. Dersom den aktuelle kandidaten tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden

Om forskarutdanninga:

Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til Ph.D.-studiet ved Universitetet i Bergen. Stipendiaten skal ta del i den organiserte Ph.D.-utdanninga ved Det Samfunnsvitskaplege fakultetet (programmet ved Institutt for sosialantropologi), UiB, innafor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent innan tre månader etter at stipendiaten har teke til i stillinga. Hovudrettleiar vil vera professor Knut Rio ved Universitetsmuseet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utviklande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (kr 449.400, kode 1017/LR 20, alternativ 9) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ved Universitetsmuseet (maksimum 1 side).
  • Eit forslag til eit doktorgradsprosjekt (prosjektskriv) i samsvar med stillingsomtalen, og utkast til plan for gjennomføring og formidling av resultat (maksimum 5 sider).
  • CV.
  • PDF av masteroppgåva og andre vitskaplege publikasjonar (maksimum 5)
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar og sertifikat
  • Liste over faglege og populærvitskaplege publikasjonar og presentasjonar
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse må vera hovudrettleiar frå masteroppgåva eller tilsvarande arbeid

Avdeling for kulturhistorie ved Universitetsmuseet har 28 fast tilsette (13 vitskaplege stillingar, 10 tekniske og 5 administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inkl. 3 stipendiatstillingar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Vitskapleg ansvarleg for etnografisk samling, professor Knut Rio, telefon +4755583112 / e-post: knut.rio@uib.no

Det statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Søknader sende på e-post til tilsette ved avdelinga vil ikkje bli vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS