Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

PhD stipendiat i mellomalderarkeologi

Søknadsfrist: 08.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i mellomalderarkeologi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Avdeling for kulturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen lyser ut ei fulltidsstilling som PhD-stipendiat i mellomalderarkeologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knyt- til det NFR finansierte prosjektet The Borgund kaupang Project. Life and death of a small town in the pherifery of medieval Europe. (2019-2023). PhDprosjektet skal ta utgangspunkt i Universitetsmuseets samlingar frå dei arkeologiske utgravingane i Borgundkaupangen ved Ålesund, på Sunnmøre. Fokus for PhD-prosjektet skal vere betydinga av bearbeiding og forbruk av jern i Borgund frå sein vikingtid ut mellomalderen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Bakgrunn:

Borgund Kaupang Prosjektet (2019-2023) er et kuraterings-, forsknings- og formidlingsprosjekt med støtte fra Norges Forskningsråd (https://www.uib.no/fg/borgundkaupang). Prosjektet er flerfaglig og har et bredt sammensatt team. PhD stipendiaten vil være en del av dette teamet. Borgund var en av Norges 14 byer i middelalderen. Kaupangen er kjent fra skriftlige kilder og fra arkeologiske undersøkelser gjennom 20 feltsesonger. En regner med at Borgund går tilbake til Vikingtiden og ble forlatt sist i middelalderen. Den tverrfaglige prosjektgruppe i Borgundkaupangprosjektet vil kaste nytt lys over de økonomiske og kulturelle faktorene som gjorde at Borgund oppsto, overlevde gjennom 300-500 år og til slutt ble forlatt. Med et ‘perspektiv nedenfra’ har vi fokus på økonomiske, sosiale og kulturelle aspekter av produksjon og forbruk av hjemlige og eksotiske varer i Borgund. Vi spør: Hadde folk i Borgund et ensidig økonomisk grunnlag, eller hadde en flere bein å stå på? I hvilken grad tok folk i Borgund del i nasjonale og internasjonale økonomiske og kulturelle nettverk? Våre hypoteser er at: 1) Borgund, som en av Norges små byer, spilte en viktig rolle for foredlingen av naturressurser fra hav, fjord og fjell. Vi tenker at stedet var et viktig regionalt knutepunkt for nasjonal og internasjonal handel med norske råvarer og produkter (fisk, jern, båtbygging?). 2) At folk i Borgund hadde god kjennskap til- og tok del i storsamfunnets gleder og goder (mote, matvaner?). De hadde sannsynligvis gode økonomiske, kulturelle og sosiale forbindelser både lokalt og internasjonalt. To PhD-arbeid skal ta for seg 1) bearbeiding og forbruk av norsk jern i Borgund og 2) forbruk av hjemlige og importerte husholdningsvarer: norske kleberkar og importert keramikk. Prosjektgruppens øvrige forskere og håndverkere skal ta for seg tekstiler, kjønns og aldersrelaterte aktiviteter, hverdagsgjenstander som sko, kammer, redskaper til ute- og innebruk, tam- og villfugl, råstoffer til bygging av kirker og bolighus, eiendomsforhold, oppfattelser av forlatte byer, mm. Vi vil studere Borgund i lyset av samtidens Norge og Europa. Prosjektets ambisjon er å gi ny innsikt i livet i et lite bysamfunn i Europas periferi, samt en økt forståelse for rollen slike steder spilte på storsamfunnets scene.

Stipendiatstilling på jern innhold:

En stor andel av de arkeologiske funnene fra Borgundgravningene er slagg, samt redskaper og gjenstander av jern. PhD-prosjektet på jern skal studere jernbearbeiding og –forbruk i Borgund: hvilke jernbearbeidingsprosesser fant sted i Borgund, og hvordan var gjenstander av jern viktige i Borgunds økonomi? Siktemålet for studien er en dypere forståelse av sentrale aspekter av Borgunds økonomi og studien bør kunne være en case study for å forstå sosiale og økonomiske dynamikker rundt raffinering av utmarksresurser for hjemlige og internasjonale markeder. Arkeologiske metoder slik som klassifikasjon, typologi, romlig analyse forventes brukt på gjenstandsmaterialet og på data innhentet ved hjelp av naturvitenskapelige analysemetoder.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i arkeologi. Graden må vera oppnådd innan søknadsfristen er ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner er naudsynt
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg på eit skandinavisk språk og engelsk er eit krav

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid. Pliktarbeid vil bli lagt til den arkeologiske mellomaldersamlinga ved museet, og vil omfatte til dømes revisjonar, databasearbeid, katalogisering og anna ordning av kjeldematerialet. Formidlingsarbeid vil òg bli aktuelt. Ein del av pliktarbeidet vil bli relatert til oppgåver knytt til Borgund Kaupang Prosjektet og forskingsgruppa COASTARK som blir koordinert frå Universitetsmuseet. Dersom søkjaren tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Det er ønskjeleg med startdato 1. oktober 2019, arbeidsstad er Universitetsmuseet i Bergen.

Om forskarutdanninga

Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til PhD-studiet ved Universitetet i Bergen. Stipendiaten skal gå inn i den organiserte PhD-utdanninga ved Det humanistiske fakultet (program ved institutt for AHKR), UiB, innafor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent innan tre månader etter at stipendiaten har teke til i stillinga. Hovudrettleiar vil vere vitskapeleg ansvarleg for mellomaldersamlinga på Universitetsmuseet, prof. Dr. Gitte Hansen, birettleiar førsteamanuensis. Dr. Randi Barndon, AHKR, UIB.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utviklande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 (Kr. 449 400/kode 1017/LR 20, alternativ 9) i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ved Universitetsmuseet (maksimum 1 side)
  • Eit forslag til et doktorgradsprosjekt (prosjektomtale) i samsvar med stillingsomtalen (maksimum 5 sider), og utkast til plan for gjennomføring og formidling av resultat
  • CV
  • PDF av masteroppgåve og andre vitskaplege publikasjonar (maksimum 5)
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. - Relevante attestar og sertifikat
  • Liste over faglege og populærvitskapelege publikasjonar og presentasjonar. - Namn og kontaktopplysningar til to referansar
  • Ein av desse må vere hovudrettleiar frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

Avdeling for kulturhistorie har 28 fast tilsette (13 vitskaplege stillingar, 10 tekniske og 5 administrative stillingar). I tillegg kjem eit varierande tal mellombels tilsette, inkl. 3 stipendiatstillingar. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Vitskapleg ansvarleg for middelaldersamlingen, professor Gitte Hansen, telefon +4755588026/e-post: gitte.hansen@uib.no

Det statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Søknader sende på e-post til tilsette ved avdelinga vil ikkje bli vurderte.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS