Stilling:

Utstillingstekniker

Søknadsfrist 31.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen,

Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Utstillingstekniker (overingeniør )

Ved Universitetsmuseet i Bergen er det ledig ei fast stilling som utstillingsteknikar (overingeniør) knytt til Arena for forskingskommunikasjon, frå 18. februar 2019. Arenaen er lokalisert i det rehabiliterte museumsbygget til Universitetsmuseet, Muséplassen 3 (MP3). Utstillingsteknikaren vil ha særskilt ansvar for å drifte museets basisutstillingar og bidra til å utvikle og realisere Arenaens prosjektportefølje.

Arena for forskingskommunikasjon skal gjennom ulike formidlingsformat og -metodar kommunisere frå forskinga ved Universitetet i Bergen, frå forskingsgrupper, prosjekt og klynger, frå institutt og senter, og frå enkeltforskarar. Arenaen vil vere ein møteplass for akademia og samfunn. Den vil leggje til rette for dialog rundt UiB sine ulike forskingsprosjekt og gi innsyn i kva form for kunnskap eit universitet produserer for samfunnet. Det er ei viktig oppgåve å inkludere studentar ved UiB i dette arbeidet. Arenaen er organisert som eit tre-årig prosjekt som skal evaluerast i 2021. Siktemålet er at Arenaen dernest skal vidareførast og organiserast som del av den ordinære verksemda ved museet.

Hausten 2019 opnar om lag 2500 m2 med utstillingar i Muséplassen 3, som også vil innehalde areal som er eigna til museumsbasert undervisning, konferansar og større arrangement. Utstillingsprosjektet er nå i produksjonsfasen der 24 ulike soner/utstillingar blir programmerte, designa og produserte fram til opninga. Utstillingsteknikaren vil ta del i ferdigstillinga av utstillingane for å sørge for overføring av kompetanse frå Utstillingsprosjektet til Arenaen som skal drifte MP3 frå 1. juli 2019.

Med omsyn til arbeidsoppgåvene rapporterer utstillingsteknikaren til arenaleder.

Arbeidsoppgåver:

  • Vedlikehalde og drifte dei nye basisutstillingane i MP3s 1. og 2. etasje og handtere eventuelle avvik i utstillingar og bygg på ein adekvat måte
  • Vere Eigedomsavdelinga (EIA) og IT-avdelinga sin kontaktperson i spørsmål som gjeld teknisk drift av infrastrukturen i bygget
  • Vere teknisk kontaktperson for å hjelpe ulike brukarar av bygget
  • Delta i utviklinga og gjennomføringa av Arena for forskingskommunikasjon sitt program ved å kommunisere UiBs forsking til omverda gjennom ulike metodar og teknikkar med ein høg utskiftingsfrekvens
  • Overvåke og kvalitetssikre at anskaffelsar og monteringar er i samsvar med krav til tryggleik og er estetisk appellerande
  • Ha ansvar for implementering av tiltak i forbindelse med universell utforming (UU)
  • Vere teknisk kontaktperson for leverandør av kasse- og billetteringssystem
  • Ha ansvar for dokumentasjon av tenester og rutinar

Noko ukurant arbeidstid, også i helger, må påreknast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø. Det kan bli gjort endringar i ansvarsområde og arbeidsoppgåver, basert på erfaringane i prosjektperioden og sluttevaluering av prosjektet i 2021.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert, kreativ og kompetent person med brei erfaring frå utstillingsproduksjon, IT og AV-system og prosjektarbeid og som kan tenke utradisjonelt. Vedkommande må ha god forståing for utstillingar som verkemiddel og god målgruppeforståing. Personlege eigenskaper som er naudsynte for stillinga vert vektlagt. Sjølvstende og samarbeidsvilje samt gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg er vurdert som føresetnadar for å kunne fylle oppgåva.

Beskrivelse av kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning innan utstilling/grafisk design på fortrinnsvis masternivå. Relevant praksis frå utstillingsproduksjon og arbeid med grafisk design, prototypar og modellbygging kan svare til manglande formell utdanning
  • Kunnskap om og erfaring med prosjektverksemd samt brei erfaring i å samarbeide med ulike ekspertisar
  • Må kunne dokumentere god forståing og mestring av programvarer innan CAD og 3D som Sketchup, FormZ, ArchiCAD, Fusion 360 og SolidWorks, og innan Adobe CC pakken (Photoshop, Indesign, Illustrator m.m.)
  • Kompetanse på interiørarkitektur og forståing for grensesnittet mellom bygg og utstilling
  • Kompetanse innan museums-IT og kunnskap om feilsøking og feilretting
  • Kompetanse innan bruk av lyd og lys i arrangement- og utstillingsamanhen

Øvrige kvalifikasjonar som blir vektlagt:

  • Førarkort i klasse B

Under intervju vil søkarane bli bedne om å presentere relevante døme frå arbeid med andre prosjekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 60-67 (for tida kr 524 200 - 597 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå arenaleder Eli Kristine Økland Hausken, telefon 48133749, epost: eli.hausken@uib.nomailto:eli.hausken@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS