Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør / Overingeniør (systemadministrator) - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 15.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Senioringeniør/Overingeniør(systemadministrator)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som Senioringeniør. Stillinga er delvis knytt til prosjekter med finansiering frå eksterne kjelder, i starten av prosjektet ELIXIR2. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som senioringeniør, er det aktuelt å tilsetje i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis vert då redusert tilsvarande.

Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Ei av dei største forskingsgruppene ved instituttet er det tverrfaglige forskingssenteret Computational Biology Unit (CBU) for beregningsorientert biologi og bioinformatikk. CBU er koordinator av ELIXIR2 Norway, og utviklar, driftar og støttar e-infrastruktursystem for forskarar innan livsvitskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Systemadministrasjon av Linux servere ved instituttet.
  • IT-support til sluttbrukerar.
  • Delta i drift og utvikling av nasjonale tenester i servicegruppa til CBU.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad innanfor informatikk eller anna relevant fagområde. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis frå Linux system administrasjon i et team med ansvar for medium kompleks IT-infrastruktur, inkludert bruk av virtualiseringsteknologi og praktisk sikkerheitsarbeid, er eit krav.
  • Stillinga krev en serviceinnstilt medarbeidar med evne til å forstå brukarar og prosjekters behov.
  • Røynsle frå IT-drift med personleg direkte sluttbrukarkontakt er ein stor føremon.
  • Røynsle frå arbeid med storskala lagring, jobbtidsfesting eller nettverksadministrasjon er ein føremon.
  • Røynsle frå programmering i Python eller Java er ein føremon.
  • Praksis frå arbeid i eit systemutviklingsteam er ønskjeleg.
  • Kjennskap til forskingsdata frå livsvitskap og bioinformatikk er ein føremon.
  • Det er eit krav om framifrå engelskkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.
  • Norskkunnskap er ein føremon, og søkjarar forventas å læra seg norsk. Det vil bli tilbod opplæring.
  • Kandidaten må vere sjølvstendig og ha høg integritet.
  • Vi forventar entusiasme og gode evne til å jobbe i eit tverrfagleg teammiljø.
  • Kandidaten må kunne tileigna seg ny kunnskap for å løysa nye utfordringar.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for å søkje og kvifor du meiner at du passer til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • namn og kontaktinformasjon til to referansar

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 59-67 (for tida kr 523 200 – 605 500,-) i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 55-62 (for tida kr 488 00 – 552 800) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 15. august 2019.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS