Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør / overingeniør innen IT - sikkerheit

Søknadsfrist: 08.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/overingeniør innan IT-sikkerheit

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

IT-avdelinga er i ferd med å bygga opp kompetansen innan sikkerheitsområdet. Dette er eit felt med stor breidde som dekker mange fagområde. I første omgang er det oppretta ei ny stilling for å styrka arbeidet med det operative arbeidet. Stillinga vil gå inn i eit team med IT-sikkerheitsansvarleg og arbeida tett med fagfolk innan ulike disiplinar på avdelinga og elles ved universitetet, t.d. Personvernombodet og ulike CERTer i sektoren. Dei som arbeider med sikkerheit på IT-avdelinga har oppgåver frå detaljert sikring av applikasjonar, verktøy, servarar m.m. til meir overordna arbeid med ROS-analysar, planar og rapportering, informasjonsarbeid osb.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Avdelinga er ein felles ressurs for heile UiB, og har eit aktivt og kompetent miljø. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan brukarstøtte, applikasjonar og infrastruktur, basert på sentraliserte driftsopplegg. Avdelinga bruker ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar.

Oppgåver du vil få ansvar for eller delta i (avhenging av kompetanse) vil vera innan sikkerheitsanalyse og incident response:

  • Overvaking og analyse av logger/trafikkdata
  • Delta i oppbygging av infrastruktur for logganalyse
  • Oppfølging av konkrete hendingar og brot på sikkerheit
  • Gje råd om konkrete tiltak for å sikra informasjon, gjenoppretting og evt. redusering av skade

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God forståing av det digitale trusselbiletet og utfordingar innan IT-sikkerheit.
  • God teknisk forståing av Windows og Linux.
  • Erfaring frå utvikling eller drift av IT-systemer.
  • Erfaring med scriptspråk (Bash, Python, PowerShell).
  • God på detaljar, men må og kunne løfta blikket.
  • Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk).
  • Relevant høgare utdanning (master, siv.ing.), eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved allsidig relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
  • Sidan vi arbeider med sensitiv informasjon er det viktig at du har sterk ansvarskjensle. Du må kunne takla stressande situasjonar og jobba strukturert. Samstundes er det ein fordel om du er læreviljug og nysgjerrig og likar å lære bort det du tileignar deg av kunnskap.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Overingeniørar (stillingskode 1087) vert løna etter lønssteg (eller tilsvarande løn i kronebeløp) 53-68 (for tida kr 472 000 – 615 900), eller senioringeniør (stillingskode 1181) 58-70 (for tida kr 513 600 – 640 200) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdera høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • IT-sikkerheitsansvarleg, Sidsel Storebø, e-post sidsel.storebo@uib.no, tlf. 55 58 40 84 / 917 15 450 eller til
  • Seksjonsleiar for infrastruktur Jan Kristian Walde Johnsen tlf. 55 58 42 38 / 917 15 378, e-post jan.johnsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk denne stilling” til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk denne stilling

Powered by Labrador CMS