Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senioringeniør / overingeniør - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 13.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senioringeniør/overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som senioringeniør (100 %, statistikar/bioinformatiker). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med senioringeniørkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje overingeniør. Stillinga vil vere knytt til kjernefasiliteten i biostatistikk og dataanalyse (BIOS).

BIOS er ein av sju kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) som er etablert for å oppnå best mogleg kvalitet på forsking basert på tilgjengelege ressursar. Hovudoppgåva til BIOS er å bistå forskarar internt ved UiB og andre forskingsinstitusjonar med biostatistisk prosjektstøtte.

BIOS er ein del av fagområde for epidemologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og har i dag seks statistikarar i overingeniør og senioringeniørstillingar. I tillegg har EPISTAT-fagområdet fem professorar (3,4 årsverk) i medisinsk statistikk. Ein stor del av prosjekta BIOS er involvert i er prosjekt som bruker data frå ulike helseregistre og større helseundersøkingar, men vi bidreg også med prosjektstøtte i kliniske studiar og intervensjonsstudiar.

Dei første fire (4) åra etter tilsetjing skal den tilsette i hovudsak jobbe med eit prosjekt der målsetjinga er å identifisere mogleg ny behandling for dei nevrologiske sjukdommane Parkinsons sjukdom, multippel sklerose, ALS og Alzheimer ved hjelp av «big data» analyser av data frå norske helseregistre. Dette arbeidet involverer blant anna screening av 600 millionar reseptar for å finne assosiasjonar med risiko av dei nemnte nevrologiske sjukdommane. Arbeidet vert gjort i samarbeid med forskingsmiljø ved Harvard University i Boston, og det må difor reknast med noko reiseverksemd til dette universitetet.

Arbeidsoppgåver:

  • programmering og analyser av store datamengder
  • tilrettelegging av filer for screening av assosiasjonar mellom medikamentbruk og risiko for utvikling av nevrologisk sjukdom
  • bistå med hjelp til studiedesign, tilrettelegging av data, statistisk rettleiing og statistiske analyser i ulike forskingsprosjekt. Prosjekta vil i hovudsak vere tilknytt ulike forskingsgrupper og sentre ved Det medisinske fakultet ved UiB, men det vil også vere enkelte prosjekt knytt til andre forskingsinstitusjonar
  • vere med å utvikle og holde kurs og workshops innanfor spesielle metodefelt i biostatistikk og bioinformatikk
  • metodeutvikling i interaksjonen mellom genetisk statistikk og bioinformatikk
  • samanlikning av små molekyler og modellering av protein-ligand interaksjonar ved hjelp av kjemiinformatikk og strukturell bioinformatikk

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • for både senioringeniør og overingeniør er det krav om mastergrad i matematisk statistikk eller mastergrad i kjemometri, bioinformatikk eller teoretisk biofysikk med dokumentert kompetanse i statistikk
  • for senioringeniør er det i tillegg eit krav at søkjar har relevant norsk ph.d. grad eller tilsvarande kompetanse
  • søkjar må kunne nytte og drive utviklingsarbeid i statistiske program (R, STATA eller SAS), spesielt med tanke på effektiv omstrukturering og analyse av store datamengder
  • søkjar må kunne setje seg inn i nye relevante statistiske metodar
  • søkjar må ha relevant erfaring med statistiske analyser i medisinsk/epidemiologisk forsking eller erfaring innan bioinformatikk
  • det er også ønskjeleg at søkjar har erfaring innan strukturell bioinformatikk
  • erfaring med analyser av store datamengder brukt i genetisk og epidemiologisk/registerforsking og grafisk framstilling av resultat frå slike analyser vil vere ein stor føremon
  • søkjar må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samarbeide med forskarar, vere fleksibel og drive problemløysing
  • det er viktig å vere serviceinnstilt, imøtekomande og levere til avtalt tid
  • god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav. For søkjarar som ikkje har norsk som morsmål vert det kravd at den som vert tilsett kan kommunisere godt skriftleg og munnleg på norsk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • personar med relevant ph.d. grad vil få tilbod om stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 513 600 - 552 800) etter kvalifikasjonar. For stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som senioringeniør/overingeniør:

  • senioringeniøren/overingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge senioringeniøren/overingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dagleg leiar av BIOS, Jannicke Igland, tlf.: 55 58 85 28, e-post: Jannicke.Igland@uib.no,
  • Fagleg leiar for BIOS, professor Rolv Terje Lie, tlf.: 55 58 85 33, e-post: Rolv.Lie@uib.no eller
  • Ansvarleg for prosjektet det skal arbeidast med dei første åra, professor Trond Riise, tlf.: 55 58 61 13, e-post: Trond.Riise@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS