Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (vikariat) - Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 25.04.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør (vikariat)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin er det ledig eit vikariat som overingeniør (100 %) i tidsrommet 1. juni 2019 - 31. desember 2019. Stillinga er knytt til Neurotargeting forskingsgruppe.

Neurotargeting forskingsgruppe utfører molekylær, cellulær og genetisk basalforsking med særleg vekt på regulatoriske protein i nervesystemet. Ei av målsetjingane med prosjektet er å identifisere nye behandlingsmål ved nevrologiske og psykiatriske lidingar. Gruppa har særleg ekspertise i proteinkjemi og strukturbiologi og er involvert i mange nasjonale og internasjonale samarbeidsprosjekt. For å lese meir kan ein sjå her: http://www.uib.no/fg/neurotarg

Arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåver for stillinga vil vere leiing og organisering av laboratoriet og laboratorieoppgåver innan molekylærbiologi, cellebiologi og biokjemi, med spesiell vekt på proteinkjemi i samband med ulike forskingsprosjekt. Dette omfattar mellom anna dyreforsøk, cellekultur, genteknologiarbeid, ekspresjon av rekombinante protein i bakteriar og eukaryote celler, proteinreinsing og karakterisering, proteinkrystallisering, væskekromatografi og elektroforese. Oppgåver inkluderer og vedlikehald av laboratorieutstyr og innkjøp og registrering av utstyr og kjemikaliar. Rettleiing og samarbeid med studentar og tilsette er viktig. Overingeniøren vil gje opplæring i HMT knytt til arbeidet ved laboratoriet for studentar og tilsette.

Det kan verte aktuelt å leggje andre førefallande oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha mastergrad i cellebiologi/molekylærbiologi. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • erfaring med genteknologi, ekspresjon av rekombinante protein og væskekromatografi er ein føremon
  • erfaring med eukaryote celler/ cellekultur er ein føremon
  • erfaring med dyreforsøk og godkjent kurs i dyreforsøk er ein føremon
  • erfaring frå studiar av metabolittar (metabolomics) er ein føremon
  • erfaring frå arbeid med ioniserenda stråling er ein føremon.
  • erfaring med program for kjemikalieregistrering (FileMaker og ECOonline) og HMT kurs er ein føremon.
  • det vert satt krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg (skandinavisk språk og engelsk).
  • må kunne arbeide og planlegge arbeidet sjølvstendig, strukturert og systematisk, men og ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
  • må vere fleksibel og ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
  • Leiareigenskaper og administrativ kompetanse vil verte vektlagt

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jan Haavik, tlf.: 55 58 64 32 eller e-post: Jan.Haavik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS