Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (programmerer) ved Centre for the Science of Learning and Techology

Søknadsfrist: 17.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som overingeniør/programmerer.

Arbeidsoppgåver:

  • Designe, utvikle og implementere programmar frå grunnen og oppretthalde kvaliteten og responsen til applikasjonar
  • Samarbeide med forskarar for å designe og teste prototypar
  • Arbeide tett med gruppemedlemmar for raskt å integrere nye komponentar og funksjonar i dagens økosystem.
  • Holde oversikt over utvikling innen feltet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande i informasjonsvitskap, systemutvikling, informatikk, datavitskap eller relaterte felt, med god programmeringserfaring
  • Utmerket kunnskap om JavaScript og front-end-bibliotek, samt HTML5 og CSS
  • Særs god kunnskap om SQL, databaser, datastrukturer og lagring samt server-side språk som Python, Java, JavaScript og .Net
  • Har høge standardar om kvalitet og veit kva det betyr å overføre applikasjonar med delikat grafisk brukargrensesnitt
  • Kunnskap om å utvikle mobile applikasjonar er eit føremon
  • God kommunikasjonsevne (skriftlig og munnleg) og evne til å arbeide effektivt med forskarar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner i eit tverrfagleg team
  • Flytende skriftlig og muntlig engelsk er obligatorisk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 59 - 72 (for tida kr 514 800 - 657 900) i det statlege lønsregulativet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden må innehalde:

  • CV
  • Kopi av vitnemål, diplomer, karakterutskrift og anbefalingsbrev
  • Navn og kontaktdetaljer for tre referanser

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • senterleiar Barbara Wasson,E-post: barbara.wasson@uib.no, tlf. 55 58 41 20

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS