Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (Klinisk institutt 2)

Søknadsfrist: 02.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, seksjon for onkologi, er det ledig ei fast stilling som overingeniør

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber fagansvar for prøvebehandling og analyser ved massive parallell sekvensering knytt til kliniske studier som er gjennomført, og skal gjennomførast ved seksjonen, innafor K.G.Jebsen senter for genom-retta kreftbehandling. Dette inneber både DNA bibliotek-preparering og sekvenseringsanalyser ved bruk av Illumina sekvenseringsplattformar. Arbeidet vil omfatte målretta genpanelsekvensering, heilgenom-analyser, transkriptomanalyser samt epigentiske analyser.
  • Stillinga inneber ansvar for metodeutvikling og kvalitetskontroll.
  • Stillinga inneber ansvar for opplæring av stipendiatar og studentar i laboratoriet
  • Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha minimum mastergrad innanfor relevant fagområde.
  • Søkjar må ha brei erfaring med massiv parallell sekvensering, herunder våt-labserfaring mhp preparering av DNA-bibliotek for sekvensering og erfaring med databehandling i etterkant av sekvensering.
  • Søkjar må ha erfaring med bruk av illumina sekvenseringsplattformer.
  • Søkjar må kunne kommunisere flytande både på norsk og engelsk, både munnlig og skriftlig.
  • Søkjar må ha brei erfaring med tett samarbeid med vitenskapelig ansatte.
  • Søkjar bør ha brei erfaring med arbeid med humant biologisk materiale.
  • Søkjar bør ha god generell molekylærbiologisk kompetanse.
  • Søkjar bør ha god evne til sjølvstendig arbeid. Erfaring frå sjølvstendig vitenskapelig arbeid vil bli vektlagt.

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordninga

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga som overingeniør:

  • overingeniøren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgifter skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • instituttleiar kan pålegge overingeniøren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Stian Knappskog, Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen, e-post: stian.knappskog@uib.no, tlf. 55976447

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS