Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør (Geofysisk institutt)

Søknadsfrist 05.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør i eksternt finansiert verksemd. Stillinga er finansiert ut mars 2021 og knytt til prosjektet Integrated Carbon Observing System - Norway (ICOS-Norge), finansiert av Noregs Forskingsråd.

ICOS er et infrastrukturprosjekt som bygger opp eit målenettverk for å overvake CO2 i atmosfæren og korleis det blir teke opp i havet og av landbaserte økosystem. ICOS er eit europeisk prosjekt og ICOS-Norge er dets norske komponent.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein overingeniør som skal ha det tekniske ansvaret for havkomponenten av ICOS-Norge. Dette målenettverket består for tida av fire instrumenta montert ombord forskings- og lastefarty. Desse gjer kontinuerlege målingar av CO2 deltrykk (pCO2) i overflatevant.

Viktige arbeidsoppgåver er:

  • Dagleg oppfølging og kvalitetskontroll av data som blir produsert på dei enkelte båtane.
  • Service, reparasjon og dokumentasjon av instrumenta.
  • Optimalisering og vidareutvikling av måleinstrumenta, samt implementering av nye sensorar.
  • Installasjon, dersom det kjem nye instrument inn i nettverket.
  • Utvikling av vedlikehaldsrutinar og ansvar for at disse blir fulgt opp og dokumentert.
  • Opplæring av mannskap på dei ulike fartya, slik at desse kan utføre enkle naudreparasjonar på pCO2 instrumenta.
  • Teknisk bistand på anna utstyr som blir nytta i gruppa/miljøet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Instrumenta som vert nytta kan vere krevande å installere og vedlikehalde, og ei rekke element må fungere optimalt, for eksempel vasstilførsel, gassgjennomstrøyming, og kommunikasjon mellom ulike sensorar, ventilar, pumper og PC. Vi ser derfor etter ein person med brei teknisk interesse og innsikt. Stillinga gir gode moglegheiter for utvikling i eit dynamisk og internasjonalt miljø.

  • Søkjarar må ha høgare utdanning innan elektronikk, instrumentering, måleteknikk eller liknande frå universitet eller høyskole Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Søkjarar må ha erfaring med målingar og instrumentering som inkluderer vass- og/eller gassanalyse.
  • Erfaring med instrument-PC kommunikasjon, for eksempel LabVIEW, er eit krav.
  • Erfaring med vitskaplege måleprogrammer, og dokumentasjon og kvalitetskontroll av data spesielt innanfor havet sin karbonsyklus, er ein fordel.
  • Vi ønsker ein ryddig og systematisk praktisk anlagt person med god evne til feilsøking og -retting.
  • Søkjarar må ha førarkort for personbil. Den som blir tilsatt må rekne med reiser både ein innan- og utanlands, også på kort varsel.
  • Den som blir tilsatt må meistre norsk og engelsk muntlig og skriftlig. Ikke-norskspråklege søkjarar må kunne mestre norsk munnleg og skriftleg innan 3 år.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 55 - 62 (kode 1087) ved tilsetjing for tida kr 480 600 - 544 400. For særskilt godt kvalifiserte, kan høgare lønn vurderast. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Are Olsen, Geofysisk institutt, e-post: are.olsen@uib.no, telefon: (+47) 55 58 48 81, eller
  • Senioringeniør Tor de Lange, e-post: Tor.Lange@uib.no, telefon: (+47) 55 58 26 87

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS