Stilling:

Overingeniør / Systemingeniør driftssentral (Eigedomsavdelinga)

Søknadsfrist 27.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør/ Systemingeniør driftssentral

Ved Eigedomsavdelinga, Drift er det ledig ei fast 100 %-stilling som Systemingeniør, stillinga er i dag plassert i driftsentralen. Stillinga rapporterer til gruppeleiar for driftssentralen. Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for utvikling og optimalisering av teknisk drift? Då er du kanskje systemingeniøren vi ser etter til den nye driftssentralen. Vi er på jakt etter deg som har inngåande erfaring med SD-anlegg og systemforståing frå desse. Du må handtere mange oppgåver samtidig og generelt vere analytisk. Stillinga er nyoppretta og byr på varierte arbeidsoppgåver, mellom anna vert du sentral i utforminga av stillinga. Særs viktig blir å knytte driftssentralen saman med driftsteknikarane i driftsområda i samsvar med våre verdiar som er: «Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet»

Du må ha særlig gode IT-kunnskapar, og ha utprega serviceinnstilling. Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot same mål. Vi ser etter deg som er løysings- og samarbeidsorientert og som gjerne ser andre/nye måtar å løysa oppgåvene på.. Stillinga inngår i eit ungt og dynamisk miljø rundt SD-toppsystemet og driftssentralen.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og optimalisering av byggtekniske installasjonar i samarbeid med driftsområda og brukar.
  • Vere fagstøtte for Drift og andre på SD, og sikre opplæring/bruk på driftssentralen.
  • Pådrivar for kontinuerlege forbetringar.
  • Følgje opp og utvikle interne rutinar, særskilt UiB sin SD-standard.
  • Setje fokus på brukar-/leverandørforhold og yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon.
  • Rapportering iht. oppsette mål.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant utdanning frå ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule, sekundært fagarbeidarutdanning med fagbrev, fortrinnsvis innan automasjon.
  • Relevant erfaring frå drift av byggtekniske anlegg vha. sentral driftskontroll, til dømes større tekniske anlegg med varmepumper, ventilasjon, romregulering, energibruk etc. vil bli særskilt lagt vekt på.
  • God fleirfagleg innsikt og systemforståing.
  • Djupnekunnskap på Niagara AX/NX og kjennskap til og erfaring med bruk av andre SD-verktøy som Siemens Desigo, Metasys fra Johnson Controls og TAC Vista og Satchwell fra Schneider Electric.
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Vi ser det som ein føremon at søkjar har:

  • Erfaring frå overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg.
  • Kunnskap om UiB sin organisasjon og bygg med tekniske anlegg.

Personlege eigenskapar vi ser etter:

  • Godt humør og stå-på-vilje.
  • Ryddig og strukturert med evne til å organisere.
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig.
  • Initiativrik med interesse for utvikling og endring.
  • Effektiv og analytisk anlagt.
  • Serviceinnstilt.
  • Kvalitetsbevisst.
  • Resultatorientert.
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
  • Løn etter stilling som overingeniør (kode 1087) med løn frå kr 540.000 til kr 660.000 etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Opplæring og tilbod om vidareutdanning og utvikling.
  • Velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage.
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning.
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

  • Gruppeleder driftssentral og SD-ingeniør: Svein-Erik Johannessen, tlf. 900 41 232
  • Seksjonssjef Drift: Jan-Terje Nygaard, tlf. 915 64 650

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS