Stilling:

Overingeniør / Avdelingsingeniør (IT-avdelinga)

Søknadsfrist 11.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Systemutviklar - Overingeniør/ Avdelingsingeniør

IT-avdelinga skal produsere og levere IKT-tenester til studentar og tilsette som stør opp under universitetet sine målsetjingar og verdiar. IT-avdelinga er ein felles ressurs for heile UiB og avdelinga har eit aktivt og kompetent miljø. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan brukarstøtte, applikasjonar og infrastruktur, basert på sentraliserte driftsopplegg.

Seksjon for applikasjonar har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av tenester, og er en viktig bidragsyter i arbeidet med å realisere UiB sin digitaliseringsstrategi. For å styrke vår leveranseevne ønsker vi nå å utvide dagens team med ein dyktig systemutviklar i fast stilling.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i utvikling, innføring og drift/forvalting av nye tenester
  • Være rådgivar i tekniske spørsmål i forbindelse med utredning av nye moglegheiter
  • Bidra til å sikre at seksjonen holdar seg oppdatert på relevant teknologi
  • Bidra til moderne og effektiv forvaltning av eksisterande tenester
  • Bidra til vidareutvikling av tenester knytt til behandling av sensitive forskningsdata

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar bør ha erfaring frå utvikling av webtenester
  • Hos oss jobbar dei fleste med Javascript, PHP og/eller Python
  • Erfaring med databasar og moderne databaseteknologiar
  • Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
  • Må beherske norsk, munnleg og skriftleg
  • For å bli tilsett som avdelingsingeniør må du ha bachelor-, ingeniørutdanning eller tilsvarande; for å bli tilsett som overingeniør utdanning på mastergradsnivå innanfor relevant fagområde. Tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning

Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/LR 22) i lønnssteg 46 – 54 (for tida kr 415 100 – 472 300). Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53 – 60 (for tida kr 464 800 – 524 200) i det statlege lønsregulativet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Gruppeleder for Webutvikling Gisle Aas (gisle.aas@uib.no, mobil 932 41 450) eller
  • Seksjonsleiar Nina Kaurel (nina.kaurel@uib.no, mobil 400 99 039)

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS