Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Konservator (bokkonservator)

Søknadsfrist: 24.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved UB er det ledig ei fast 100 % stilling som konservator/bokkonservator (overingeniør 1087). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for spesialsamlingar, og den tilsette vil arbeide med oppgåver knytt til universitetets «Prosjekt Sikre samlinger». Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til kartlegging av museale samlingar
  • Vurdere behov for konservering, pakking og sikringsdigitalisering av enkelte objekt
  • Delta i arbeidet med UBs fast tilsette og prosjektmedarbeidar med følgjande oppgåver knytt til organisering, pakking og flytting av samlingar av bøker, fotografiar og andre materialtypar:
    • Registrering
    • Dokumentasjon
    • Bokkonservering
    • Pakking og utflytting frå eldre magasin
    • Vurdering av klimatiske forhold i nye magasinareal
    • Innflytting og organisering i nytt magasin
  • Ytterlegere arbeidsoppgåver kan bli pålagde i tråd med utvikling og behov knytt til «Prosjekt Sikre samlinger».

Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte.

Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjend konservatorutdanning med spesialisering i bokkonservering
  • Solid praktisk erfaring
  • Må ha praktisk erfaring frå flytting/ombygging, gjerne frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren
  • Må ha gode evner til å planlegge og gjennomføre konserveringsprosjekt for større boksamlingar
  • Høg arbeidskapasitet
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert
  • Positiv, initiativrik og med evne til å kunne arbeide sjølvstendig og som del av eit fleirfaglig team
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk for både administrative- og formidlingsformål

Det vil bli lagt vekt på søkjaranes personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 53-57 (kode 1087) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 471 600 – 504 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fagleg leiar Marthe Tolnes Fjellestad, tlf. 55588813, e-post: marthe.fjellestad@uib.no,
  • Fagleg leiar Alexandros Tsakos, tlf. 55588832, e-post: alexandros.tsakos@uib.no eller
  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572, e-post: bjorn.bagge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS