Stilling:

Driftsøkonom (førstekonsulent) - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet

Søknadsfrist 26. august 2018

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ein stilling som driftsøkonom (førstekonsulent).

Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har 23 medarbeidarar fordelt på to noder, Realfagbygget og Marineholmen, og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, prosjektøkonomi og generell økonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og –støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.

Til økonomiseksjonen ynskjer vi å rekruttere en driftsøkonom. Driftsøkonomen vil vere knytt til noden på Marineholmen og temagruppa generell økonomi. Som driftsøkonom vil du jobbe tett på forsking og utdanning og våre forskarar/undervisarar i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet, og du rapporterer til leiar for generell økonomi.

Døme på arbeidsoppgåver som vert definerte under feltet generell økonomi:

  • Innkjøp og bestilling
  • Bilagshandsaming
  • Koordinering og opplæring i Basware økonomisystem
  • Reiserekningar
  • Andre variabellønsbilag
  • Omposteringar (internfakturering og regnskapskorreksjonar)
  • Fakturering
  • Bidra til forbetring av prosedyrar og beste praksis
  • Generell sakshandsaming innan seksjonen sitt ansvarsområde

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga, og stillinga sitt innhald kan verte endra som følge av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på minimum bachelornivå med relevante fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er òg ein føremon
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Du må ha interesse for tal og ha god økonomiforståing.
  • Analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.
  • Trivast med endring og å ha mange jarn i elden.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde.
  • Initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
  • Serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert.

Vi kan tilby:

  • Eit spanande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Kompetanse- og karriereutvikling. Gode interne kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
  • Løn etter lønssteg 47-54 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (kode 1408/LR21.9). Dette utgjer for tida kr 421 700 – kr 472 300.
  • For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby:

http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seniorkonsulent Tine Charlotte Overå telefon 55 58 31 88 eller e-post tine.overa@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS