Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Rådgjevar (Project manager) - Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 07.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som rådgjevar (”Project Manager”) knytt til EU H2020-prosjektet COMFORT. Dei fyrste 48 månadene er 75% av stillinga finansiert av dette prosjektet. Resten av stillinga er knytt til eit internt prosjekt for å styrke forskingsadministrative prosessar knytt til kontraktsoppfølging.

Hovudarbeidsoppgåvene i stillinga er å vere prosjektmanager for COMFORT-prosjektet (Our Common Future Ocean in the Earth System – quantifying Coupled Cycles of Carbon Oxygen and nutrients for Determining and Achieving Safe Operating Spaces with Respect to Tipping Points), som er eit sentralt europeisk forskingsprosjekt om marine klimaendringar og konsekvensar for økosystemar. Prosjektet har 32 partnarar frå Europa, Afrika, India, og Kanada.

Arbeidsoppgåver:

Kandidaten skal støtte prosjektleiar for COMFORT i alle delar av den vitskaplege koordineringa av prosjektet (den prosjektøkonomiske administrasjonen bli gjort av andre). Desse oppgåvene er:

  • Utarbeide kommunikasjonsplan, etablere og drive intern- og eksternkommunikasjon
  • Fremme resultat frå prosjektet mot internasjonale rapportar.
  • Bistå med å koordinere arbeidet mellom dei ulike arbeidspakkene.
  • Følge opp aktivitetane i prosjektet, og særleg sjå til at alle leveransar går som dei skal og at milepælar følgjer tidsplan.
  • Skrive saman rapportar.
  • Organisere prosjektmøte.
  • Nettverksarbeid med andre internasjonale og nasjonale prosjekt
  • Bidra til at prosjektet oppnår størst mogleg påverknad internasjonalt og nasjonalt.
  • Følge opp etiske standarder og retningsliner og forpliktinga om å publisere i “open access”- tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha ein norsk doktorgrad i utdanning i oseanografi, meteorologi, fysikk, matematikk, biologi, geologi eller tilsvarande disiplinar, eller ha tilsvarande utdanning frå utlandet
  • Kjennskap til prosessen med vitskapleg forsking i klima og hav.
  • Gode kommunikasjonsevner også på tvers av fagområder.
  • God skriftleg framstillingsevne og evne til å formulere lettforståelege tekster for formidling til ulike parter
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha gode samarbeidsevner (med hensyn til f.eks. diplomati, tålmodighet, problemløysing, effektiv delegering av oppgåver).
  • Evne til å organisere komplekse oppgåver på ein strukturert måte.
  • Sjølvtillit og evne til å jobbe under press

Videre er det ønskeleg med:

  • Dokumentert erfaring med store forskingsprosjekt
  • Vitskapleg kompetanse innan hav- og klimavitenskap, særleg i marine biogeokjemiske sykluser.
  • Erfaring innan vitskapleg publisering med særlig vekt på «open access».
  • Erfaring med programmering / vedlikehald av nettstader
  • Inngåande kjennskap til EUs finansieringssystem.
  • Erfaring med EU-deltakerportalen.
  • Vilje til å reise
  • Bevisstheit om miljøvennlege styringsprosedyrar og reduksjonar av «carbon foot print»

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 57 – 64 (for tida kr 497 000 – 565 500) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Christoph Heinze, Geofysisk institutt, e-post: christoph.heinze@uib.no, tlf: +47 5558 9844 / +47 9137 4288

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS