Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Magasinmedarbeidar (førstebetjent)

Søknadsfrist: 24.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som magasinmedarbeidar (førstebetjent kode 1079) for å styrkje arbeidet med sikring og registrering av fysiske og digitale arkiv- og biblioteksamlingar knytt til UiBs «Prosjekt Sikre Samlinger».

Stillinga er for tida knytt til Seksjon for spesialsamlingar som forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Arbeidsoppgåver:

  • Ompakking, registrering og oppstilling av bibliotek- og arkivmateriale
  • Digitaliseringsarbeid
  • Løpande oppgåver knytt til vedlikehald av samlingar
  • Andre oppgåver knytt til drift av samlingane kan bli aktuelle

Det må påreknas nokre tunge fysiske flytteoppgåver, og den tilsette kan ikkje vere allergisk mot støv og liknande.

Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Etter prosjektslutt vil den tilsette gå inn i oppgåver ved seksjonen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant erfaring frå beskrivne arbeidsoppgåver.
  • Dokumentert erfaring med arkiv- og bibliotekarbeid og datahandtering
  • Dokumentert erfaring med digitalisering: Skanning, registrering, tilgjengeleggjering
  • Evne til nøyaktighet er naudsynt
  • Evne til systematisk sjølvstendig arbeid
  • Fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kjennskap til arkiv- og biblioteksystematisering og til relevante elektroniske verktøy i arkiv og bibliotek er ein fordel
  • Må beherske munnleg og skriftleg norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk.

Personlege eigeskapar vil verta vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Løn som førstebetjent etter lønssteg 35 – 44 (kode 1079) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 362 400 - kr. 408 200. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fagleg leiar Marthe Tolnes Fjellestad, tlf. 55588813, e-post marthe.fjellestad@uib.no,
  • Fagleg leiar Alexandros Tsakos, tlf. 55588832, e-post: alexandros.tsakos@uib.no eller
  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148/55582572, e-post: bjorn.bagge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS