Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Administrasjonsmedarbeidar - (konsulent, kode 1065) ved Sarssenteret

Søknadsfrist: 26.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

University of Bergen

The University of Bergen is a renowned educational and research institution, organised into seven faculties and approximately 54 institutes and academic centres. Campus is located in the centre of Bergen with university areas at Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien and Årstad.


Sars internasjonale senter for marin molekylærbiologisk forsking (Sarssenteret) held til på Marineholmen campus saman med biofaglege miljø knytt til Universitetet og andre forskingsinstitusjonar. Senteret er partnar med det europeiske molekylærbiologiske laboratorium (EMBL) og har som følgje av det ei sjølvstendig rolle direkte underlagt UiBs rektor og den sentrale administrasjonen. Les meir her.

Administrasjonsmedarbeidar - (konsulent, kode 1065) ved Sarssenteret

Ei fast fulltids stilling som konsulent, kode 1065 er ledig i Sarssenteret sin administrasjon frå november 2019. Dei administrativt tilsette ved Sarssenteret tilbyr generell kontorfagleg og administrativ støtte, inkludert økonomiske-, personal- og HMS-tenester for senteret si leiing og forskarar. I dag har senteret omtrent 80 tilsette og gjesta totalt. Dei fleste av dagens tilsette ved Sarssenteret er ikkje-norske, og engelsk er hovudarbeidsspråket ved senteret.

Arbeidsoppgåver:

  • Betjening av resepsjon inkludert telefonekspedisjon, postbehandling og leveransar, hjelpe nye tilsette/gjester med nøklar og ID-kort, handtere rombestillingar, seminar kunngjeringar og gi generell administrativ støtte
  • Administrere innkommende og utgående korrespondanse ved bruk av ePhorte
  • Bestillinger, behandling av fakturaer og refusjoner for tilsette og gjester og reiseregninger
  • Støtte med planlegging og koordinering av møter og eventer
  • Ansvar for noko fellesutstyr og fellesrom
  • Ytterligare administrative støttefunksjoner kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Bachelorgrad innan administrasjon eller anna relevant fagområde. Long og relevant arbeidserfaring kan i nokon tilfelle kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant administrativ arbeidserfaring frå internasjonal forskings- og utdanningssektor er eit føremon
  • Kunnskap om administrative IKT-verktøy som nyttast ved UiB, erfaring med bruk av ePhorte, PAGA og Basware er eit føremon
  • Flytande munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne (både i engelsk og norsk)

Personlege eigeskaper:

  • Som senteret sitt andlet ut, må du ha evne til å skape eit positivt fyrsteinntrykk, vere serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk og å prioritere arbeidsoppgåver for å halde tidsfristar
  • Evne til å kommunisere, samhandle og arbeide effektivt og samarbeidsvillig med menneske med ulike nasjonaliteter og ulike utdanningsbakgrunnar

Ved evaluering av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynt for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og profesjonelt utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som konsulent (kode 1065/LR17, alt. 8) etter lønnssteg 38-49 etter ansiennitet og kvalifikasjonar, for tida utgjer dette frå kr 376.500-442.300.
  • Medlem i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknad på engelsk eller norsk:

Send søknad elektronisk via JobbNorge «Søk stillingen».

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din bakgrunn og motivasjon for stillinga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

Søknad og vedlegg med sertifiserte omsettingar til engelsk eller norsk må lastast opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Søknadsfrist: 26 September 2019

Intervju vil bli held på norsk og engelsk.

Generell informasjon:

Utfyllande informasjon om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen