Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studieleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 08.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studieleiar (rådgjevar) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % fast stilling som Studieleiar (rådgjevar) frå 1. oktober 2019

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 75 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 30 ph.d.-kandidatar og 16 personar knytte til administrasjonen. Næraste overordna er administrasjonssjefen.

Studieleiaren koordinerer arbeidet i studieadministrasjonen ved instituttet og fordeler dermed arbeidsoppgåver til ni administrativt tilsette. Den som sit i stillinga, er med i leiargruppa ved LLE og vikarierer for administrasjonssjefen når det trengst. Dei overordna utfordringane for studieadministrasjonen er å utvikle eit best mogleg studietilbod, sikre gode rutinar på det studieadministrative feltet og arbeide strategisk for å rekruttere nye studentar og hindre fråfall frå studiet.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle, setje ut i live og følgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar innan studiefeltet
  • Følgje opp evaluerings- og kvalitetssikringsarbeidet ved instituttet og syte for at dette arbeidet vert gjennomført på alle nivå
  • Koordinere internasjonaliseringa av studietilbodet og studieinformasjonen ved instituttet
  • Administrere studieprogram og undervisningstilbod i samarbeid med medarbeidarane på studiesida
  • Leggje til rette for godt samarbeid og god kommunikasjon mellom studentane og dei vitskapeleg tilsette
  • Studieplanarbeid, arbeid med høyringsfråsegner og rapportar m.m.
  • Utvikle studietilbodet i samarbeid med resten av instituttleiinga og koordinatorane for dei ulike fagaKoordinere arbeidet med studentrekruttering og førebygging av fråfall frå studiet.
  • Fungere som sekretær for Undervisnings- og internasjonaliseringsutvalet ved instituttet og delta i faglege nettverk ved fakultetet

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Relevant erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvalting
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer og gode engelskkunnskapar
  • God IT-kompetanse og helst erfaring med system som Felles Studentsystem og ePhorte
  • Erfaring med framstilling av tall og statistikk er en føremon
  • Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode leiareigenskapar
  • Motivasjon og initiativrikdom
  • Fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

Vi tilbyr:

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetansehevin
  • Løn som rådgjevar (1434) tilsvarande lønssteg 60–65 , for tida 531 900–583 500 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande administrasjonssjef Håvard Peersen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 20 58, e-post havard.peersen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS