Stilling:

Instituttleiar ved Geofysisk institutt - åremålsstilling

Søknadsfrist 6. januar 2019

Ved Geofysisk institutt er det frå 15. august 2019 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år.

Om instituttet

Geofysisk institutt er eitt av sju institutt under Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapeleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategisk satsingar er marin, klima og energi, og Geofysisk institutt speler ei sentral rolle i desse.

Hovudoppgåver ved instituttet er utdanning og forsking innan klimadynamikk, meteorologi, fysisk og kjemisk oseanografi og havvindenergi. Instituttet er også sentralt i Bjerknessenteret for klimaforsking. Instituttet har stor aktivitet i polare strok, og er nyleg tildelt vertskap og ansvar for Bergen Offshore Wind Center.

Instituttet har for tida 20 vitskaplege stillingar, og totalt 120 tilsette. I studieprogramma har instituttet om lag 50 masterstudentar og til saman vel 100 studentar på bachelorutdanning og 5-årig integrert masterprogram i energi (siv.ing.), og 50 er knytt til ph.d.- utdanning ved instituttet. Geofysisk institutt disponerer vel 46 millionar over universitetets grunnbudsjett i 2018, i tillegg er det ei ekstern portefølje på nærare 70 millionar kronar.

Nærare opplysningar om Geofysisk institutt kan ein finne på instituttet si heimeside: http://www.uib.no/gfi

Om stillinga

Det er venta at instituttleiar arbeider aktivt for at instittutet er ein sterk aktør regionalt, nasjonalt og internasjonalt innan sine fagfelt. Som del av dette er det ei viktig oppgåve å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Instituttleiar har overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å:

  • Leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
  • Representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid.
  • Bidra til utviklinga av fakultetet.
  • Stimulere og legge til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Skape ein positiv organisasjonskultur basert på gjensidig respekt, anerkjenning og høge ambisjonar i eit internasjonalt arbeidsmiljø
  • Legge til rette for at prosessar er basert på medverknad.
  • Sørge for tenleg infrastruktur og tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.
  • Sørge for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.

Vi søker ein instituttleiar som:

  • Har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
  • Er ein internasjonalt anerkjent forskar med professorkompetanse innan eitt av fagområda ved instituttet.
  • Har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.
  • I tillegg vil det bli lagt vekt på:
  • God forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.
  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog og mellom-menneskeleg respekt.
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt.
  • Leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Det vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.

Om ekstern søkjar vert tilsett, vil vedkomande få tilbod om tilsetjing som professor i hans/hennar fagområde etter utløp av åremålet.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post [email protected] eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 55 58 81 98 / e-post [email protected]

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stillinga i meir enn tre åremålsperiodar.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Send søknad, CV, attestar og vitnemål elektronisk ved å klikke på knappen merkt ”SØK STILLINGA” på denne sida.

SØK STILLINGA