Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Administrasjonssjef

Søknadsfrist: 02.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrasjonssjef

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei spennande og utfordrande leiarstilling ved universitetet. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig fast stilling som administrasjonssjef. Stillinga er knytt til Institutt for informasjons- og medievitskap.

Instituttet har om lag 35 fast tilsette i vitskaplege stillingar og omlag 20 tilsette i stipendiat- og postdoktorstillingar. Den administrative staben er på 13 årsverk, 3 av desse er tekniske stillingar. Administrasjonen gir administrativ støtte til fagmiljøet innan studieadministrasjon, økonomiforvaltning, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning.

Instituttet driv forsking, undervisning og formidling innan eit breitt spekter av fagområde frå kunstfag til teknologi. I tillegg til bachelor- og masterprogram innan basisfaga informasjonsvitskap og medievitskap, gir instituttet tilbod om bachelorprogram i IKT, kognitiv vitskap, medie- og interaksjonsdesign, tv-produksjon og journalistikk. Instituttet er også deltakar i Media City Bergen og delar av verksemda ved instituttet er lokalisert der.

For meir informasjon om instituttet sjå https://www.uib.no/infomedia. Det er eit høgt aktivitetsnivå ved instituttet med mange spennande prosjekt og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • I samarbeid med instituttleiar ha ansvar for økonomistyring og ressursdisponering
  • Gi støtte og råd til instituttleiar i administrative og strategiske spørsmål
  • Oppfølging av instituttet sine eksternt finansierte prosjekt i samarbeid med prosjektleiarane
  • Kvalitetssikring av administrative rutinar og tenester
  • Saksbehandling, utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • HMT-tiltak og IA- arbeid

Administrasjonssjefen er leiar for og har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen og inngår i leiargruppa ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå
  • Relevant administrativ praksis og god økonomiforståing
  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til universitets- og høgskulesystemet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God administrativ IT-kompetanse

Vi tilbyr:

  • Interessante og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
  • Støtte til leiarfunksjonen gjennom deltaking i den administrative leiargruppa ved fakultetet, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
  • Løn etter lønssteg 70 - 74 (1058) etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida NOK 631 700,- - 682 200,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Søknaden skal innehalde: Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.

Søknadar på e-post vil ikkje verte vurderte.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Fakultetsdirektør Alette Gilhus Mykkeltvedt, tlf. 55 58 90 66, eller
  • Instituttleiar Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS