Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Administrasjonssjef (vikariat) - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)

Søknadsfrist: 29.09.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrasjonssjef

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig eit vikariat som administrasjonssjef i 100 % stilling frå 01.10.2019 til 31.07.2020. Stillinga som administrasjonssjef er ei leiarstilling ved ei grunneining, og er sentral både i den daglege drifta og i utvikling av strategi.

LLE har kring 70 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-kandidatar og i tillegg andre i mellombelse engasjement. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrasjonssjefen skal gje støtte og råd til instituttleiaren i administrative spørsmål og vil i det daglege ha oversikt over dei samla ressursane ved instituttet, medrekna økonomidisponering/-styring. Administrasjonssjefen har ansvar for den daglege leiinga av administrasjonen ved instituttet.
  • I samarbeid med leiargruppa ved instituttet vil administrasjonssjefen utforme strategi, rammeplanar og resultatmål og ha eit overordna ansvar for kvalitetssikring av dei faglege aktivitetane gjennom utvikling av retningsliner og rutinar for instituttdrifta. Administrasjonssjefen er sekretær for instituttrådet og set i verk og informerer om vedtak fatta av formelle organ og instituttleiar.
  • Administrasjonssjefen har personalansvar for dei tilsette i teknisk-administrative stillingar, og i tillegg eit overordna ansvar for alt personalarbeidet ved instituttet. Administrasjonssjefen skal i samråd med instituttleiaren ha tilsyn med at Universitetet i Bergen sine mål for likestilling og plan for HMS-tiltak vert innarbeidde i den ordinære drifta av instituttet.
  • Saman med dei faglege prosjektleiarane har administrasjonssjefen ansvar for å følgje opp instituttet sine eksternfinansierte prosjekt.
  • Ein ventar at administrasjonssjefen er med og utviklar gode administrative prosedyrar og rutinar for fagtilsette og administrasjon på̊ instituttet og for fakultetet samla.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på̊ masternivå, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis.
  • Leiareigenskapar og evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid blir vektlagt
  • Kompetanse innan økonomistyring og personalarbeid må bli dokumentert
  • Kjennskap til og erfaring frå̊ universitetet, og/eller offentleg forvaltning vil vere eit krav.
  • Den som vert tilsett må̊ kunne bruke begge målformer og munnleg og skriftleg engelsk.
  • God administrativ IT-kompetanse er eit krav.

Personlege eigenskapar

  • Søkjaren må̊ vere resultatorientert og ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid vert vektlagt.
  • Den som vert tilsett må̊ vise til gode leiareigenskapar og ha leiarerfaring, og må̊ ha evne til å byggje eit godt og inkluderande arbeidsfellesskap.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 67–73 (kode 1058) etter hovudavtalen i Staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer ei årsløn på kr 605 100–678 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf.: 55 58 36 53, e-post anders.fagerjord@lle.uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 29.09.2019

Søknaden skal merkjast: 19/22828

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS