Stilling:

Administrasjonssjef (Det matematisk - naturvitenskapelige fakultet)

Søknadsfrist 01.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrasjonssjef

Ved Matematisk institutt er det ledig ei fast stilling som administrasjonssjef. Arbeidsstad er Matematisk institutt.

Om instituttet

Vi forskar innan eit breitt spektrum av matematikken — frå grunnleggande teori til anvend modellering og utrekningar. Instituttet har følgande forskingsgrupper: algebra, algebraisk geometri, analyse og PDE, utrekningsmatematikk, bildebehandling, fluidmekanikk, matematikkdidaktikk, porøse mediar, statistikk og topologi. Vi utdannar kandidatar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og har i tillegg ansvaret for ein omfattande serviceundervisning i matematiske fag. Vi legg stor vekt på lærarutdanning, inkludert vidareutdanning.

Vi tilbyr eit spennande og utadretta undervisnings- og forskingsmiljø med eit breitt arbeidsfelt, og gode høve for å bidra aktivt i nasjonale og internasjonale fagmiljø.

Ansvarsområde

Administrasjonssjefens ansvar omfattar eit breitt spekter av oppgåver med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Administrasjonssjefen er dagleg leiar av administrasjonen og har personalansvar for dei administrativt tilsette. Næraste overordna er instituttleiar.

Instituttet har ei relativt stor eksternfinansiert forskingsportefølje som utgjer om lag 35% av det totale budsjettet. Administrasjonssjefen har ei sentral rolle i overordna økonomiarbeid, arealdisponering og utvikling av rammevilkår knytt til porteføljen, i tillegg til å utøve arbeidsleiing og koordinering innan HR og økonomi for heile instituttet.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål.
  • Vidareutvikle, implementere og fylgje opp gode administrative prosedyrar og rutinar i samsvar med dei retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet.
  • I samarbeid med instituttleiar har administrasjonssjefen ansvar for økonomistyring, personalforvalting, ressursdisponering og å syte for at areala disponert av instituttet blir optimalt og forsvarleg nytta.
  • Gi støtte for å styrke instituttets eksterne finansiering.
  • Arbeide saman med instituttleiar for å vidareutvikle dei gode arbeidsmiljøet ved instituttet og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning
  • Søkjarar må ha relevant leiarerfaring, erfaring frå personalforvalting og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold.
  • Økonomikompetanse vil være ein føremon.
  • Dokumentert erfaring med støtte til ekstern prosjektinnhenting er ein føremon.
  • Dokumentert erfaring frå sakshandsaming er eit krav.
  • God administrativ IT-kompetanse er eit krav.
  • Det er ein føremon med kjennskap til og erfaring frå universitets- og høgskolesektoren.
  • Det er ein føremon med erfaring frå forskingsadministrasjon.
  • Søkjarar må beherske båe målformar nynorsk og bokmål og engelsk skriftleg og munnleg

Vi søkjer ein person som

  • Har evne til å leie og motivere medarbeidarar og vere utviklingsorientert.
  • Er positiv, sjølvstendig og resultatorientert.
  • Er effektiv, strukturert, fleksibel og serviceinnstilt.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • I rolla som administrasjonssjef på eiga hand vil ta kontakt og samarbeide aktivt med alle, frå studentar til professorar.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø.
  • Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 576 100 - 658 300 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvailifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS