Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Prosjektleiar og bokkonservator

Søknadsfrist: 09.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing i informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Ved Universitetsbiblioteket er det ledig ei fast 100 % stilling som prosjektleiar/bokkonservator (overingeniør kode 1087). Prosjektleiar skal ha eit overordna blikk på dei ulike prosessane knytt til sikring, flytting og forvaltning av samlingar, samt magasinutvikling. Stillinga er for tida knytt til Seksjon for Spesialsamlingar. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Etter endt prosjektarbeid vil den tilsette gå inn i stillinga som bokkonservator ved Manuskript- og librarsamlinga, ei faglig eining under Seksjon for spesialsamlingar. Eininga forvaltar eldre boksamlingar, kart og manuskript inkludert middelaldermateriale. I tillegg har Manuskript- og librarsamlinga ei større samling aviser i original samt aviser på mikrofilm.

Arbeidsoppgåver:

  • Kartleggje, planleggje og leia fleire ulike flytte- og logistikk-prosessar, til dømes knytt til arkiv-, bok-, og fotografiske samlingar ved UB, i samarbeid med seksjonsleiar og seksjonens faglege leiarar.
  • Bidra til og initiere møteverksemd og kommunikasjon på tvers av seksjonen og med fleire av UiBs og UBs einingar.
  • Leia og delta aktivt i arbeidet med UBs øvrige tilsette med oppgåver som:
    1. Kartlegging, sortering og registrering av samlingar
    2. Planlegging og innkjøp av naudsynt pakkemateriale
    3. Organisering av pakking og logistikk knytt til flytting av samlingar
    4. Innflytting og organisering i nye magasin
  • Bidra til å vidareutvikle konserveringstenesta for avdelingas ulike samlingstypar i samarbeid med interne og eksterne fagpersonar.
  • Bidra i høve til ulike bevaringsspørsmål og problemidentifisering i samlingane.
  • Vurdere behov for, og utføre førebyggande og teknisk bokkonservering samt digital sikringskonservering av enkeltobjekt.
  • Delta i løpande driftsoppgåver som t.d. mottak av bibliotek- og arkivmateriale (foto/papir) og publikumskontakt i ulike former.
  • Ytterlegare arbeidsoppgåver kan bli pålagt i tråd med seksjonens behov.

Stillinga har varierte arbeidsoppgåver. Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Godkjend konservatorutdanning på masternivå med spesialisering innan bokkonservering. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjaren må ha erfaring frå arbeids- eller prosjektleiing knytt til større logistikk-prosessar som flytting/ombygging, gjerne frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren.
  • Må ha god evne til å planlegge og høg grad av gjennomføringsevne.
  • Høg arbeidskapasitet.
  • God evne til å lytte og motivere medarbeidarar.
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som overingeniør etter lønssteg 55 - 60 (kode 1087) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr. 480 200 – kr. 523 800. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572, e-post bjorn.bagge@uib.no, eller
  • Avdelingsdirektør Maria-Carme Torras Calvo, tlf. 55582500, e-post maria.carme.torras@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS