Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 26.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % fast stilling som som studiekonsulent (seniorkonsulent) for studie frå 1. juni 2019.

Stillinga vert tilknytt einskilde av instituttets fagområde, og det kan vere aktuelt å tilpasse henne til bakgrunnen til den som får stillinga.

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 100 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og 15 personar knytte til administrasjonen.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.

Næraste overordna er studieleiaren ved instituttet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:

  • rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar
  • planlegging og avvikling av eksamen og undervisning
  • studieplanarbeid
  • oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar
  • kontakten med interne og eksterne sensorar
  • informasjons- og rekrutteringsarbeid
  • ymse sakshandsaming
  • rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk

20 % av stillinga er normalt knytt til Informasjonssenteret ved Det humanistiske fakultetet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller anna utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning er ein viktig føremon.
  • Kjennskap til eller bakgrunn frå instituttets fagtilbod er ein føremon.
  • Interesse for og gode evner innan rettleiing og sakshandsaming vert vektlagt.
  • Det blir lagt vekt på relevant IT-kompetanse (til dømes Office, FS, ePhorte, Inspera)
  • Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon

Språk, skriftleg og munnleg

  • Begge målformer, nynorsk og bokmål
  • Gode engelskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

Vi kan tilby:

  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn tilsvarande lønssteg 55-59 (kode 1363 i statens regulativ, for tida frå kr. 480 200 – 514 800 brutto per år). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemskap i Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknaden skal merkast: 19/5093

Søknadsfrist: 26. mai 2019

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS