Stilling:

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - vikariat (Institutt for framandspråk)

Søknadsfrist 5. januar 2019

Ved Institutt for framandspråk er det ledig eit vikariat i full stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent) i administrasjonen. Tilsetjingsperioden er frå 1. april til 31. desember 2019. Det kan bli mindre endringar i tidsrom.

Instituttet har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Staben har over femti fast vitskapleg tilsette, og dessutan stipendiatar og andre mellombels tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på

www.uib.no/fremmedsprak.

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i ein instituttadministrasjon med elleve medarbeidarar, der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Sju av stillingane er knytte til studiesida av administrasjonen, og studieleiar er arbeidsleiar for denne gruppa. Studiekonsulenten samarbeider nært med dei andre studiekonsulentane ved instituttet og med administrasjonen ved fakultetet. Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming som krev stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing.
  • Rettleiing av studentar.
  • Eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging.
  • Rådgjeving og fagutvikling.
  • Studentrekruttering og informasjonsarbeid, inkludert oppfølging av heimesider.
  • Internasjonalisering.
  • Utgreiings- og utviklingsoppgåver.
  • Særleg ansvar for faga japansk, kinesisk og arabisk.

Den som vert tilsett, må rekne med endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Mastergrad tilpassa oppgåvene stillinga skal dekkje. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis frå studieadministrasjon og sakshandsaming vil bli vektlagt.
  • Gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg er eit krav.
  • Solide engelskkunnskapar og evne til å uttrykkje seg godt skriftleg på engelsk, nynorsk og bokmål.
  • Kjennskap til og interesse for faga ved instituttet er ein føremon.
  • Effektivitet.
  • Sjølvstende.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fleksibilitet og evne til å gjennomføre arbeidsoppgåvene.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), lønn tilsvarande lønssteg 54 - 58, for tida 471.900 – 505.400 kr. brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon

Du får vite meir om stillinga om du kontaktar:

  • Studieleiar Silje Grønner Stang på tlf. 55 58 93 75 eller e-post silje.stang@uib.no, eller
  • Administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søknadsfrist: 05.01.2019

Merk søknaden: 18/14239

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS