Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Søknadsfrist: 26.05.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig eit vikariat i inntil 100 % stilling som seniorkonsulent (studiekonsulent). Vikariatet har varigheit i inntil eit år.

Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette og om lag 1700 studentar. I den administrative staben inngår 12 faste stillingar. Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet, og studiekonsulenten rapporterer til henne. Administrasjonssjefen er leiar for instituttadministrasjonen samla. 20 % av stillinga er knytt til infosenteret ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeide med studie- og emneplanar
  • Førebu studietilbod
  • Samarbeide med fagkoordinator i studiesaker
  • Vere sekretær for fagmøte og programmøte
  • Drive studierettleiing
  • Drive informasjonsarbeid
  • Førebu og delta aktivt ved semesterstart
  • Bistå ved studiearrangement
  • Ivareta det administrative arbeidet knytt til ekskursjonar og feltkurs/feltarbeid og sjå til at UiBs beredskapsplan blir følgt
  • Behandle innpassing av ekstern utdanning
  • Arbeide med internasjonalisering
  • Ta del i rutineutvikling
  • Ivareta korrespondanse og variert sakshandsaming
  • Ta aktivt del i studienettverket

Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at studiekonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljøa.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan bli aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning på minst masternivå med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Relevant praksis er naudsynt
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskolesystemet og offentleg forvaltning vil bli vektlagt
  • Interesse for og gode evner innan studierettleiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
  • Gode engelskkunnskapar er viktig, og det er ein føremon med kjennskap til eit anna relevant framandspråk
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som Felles Studentsystem, Canvas og ePhorte vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og god sørvisinnstilling
  • Initiativ, engasjement og fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

I vurderinga av søkjarane blir det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn som seniorkonsulent etter lønssteg 55-59 (kode 1363) i det statlege lønnsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 480 200 – 514 800. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Gode velferdsordningar
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55582315

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 26.05.2019

Søknaden skal merkast: 19/5153

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS