Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent - vikariat (seniorkonsulent)

Søknadsfrist: 18.08.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent - vikariat (seniorkonsulent)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk er det ledig eit vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent) i studieadministrasjonen for ein periode på 1 år.

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Studiekonsulenten inngår i ein instituttadministrasjon på 9 medarbeidarar og rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Det er i dag 3,5 årsverk knytt til studieadministrasjon. Studiekonsulenten jobbar direkte mot studentar og vitskapleg tilsette og har ansvar for administrativ sakshandsaming knytt til utdanningstilbod og studentar ved instituttet. Studieadministrasjonen ved Institutt for informatikk har eit tett samarbeid med studiekonsulentane ved fakultetet og dei andre institutta.

Arbeidsoppgåver:

Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan studieadministrasjon.

Døme på oppgåver er:

  • Hovudansvar for studieadministrasjon av bachelorprogramma ved instituttet
  • Kontaktperson for laveregradsstudentar
  • Studierettleiing og informasjonsverksemd
  • Rekruttering og frafallsarbeid
  • Kontaktperson for eksterne samarbeidspartnarar, til dømes Høgskulen på Vestlandet og Det samfunnsvitskaplege fakultet
  • Internasjonal studentmobilitet
  • Innpassing av norsk og utanlandsk utdanning
  • Generelt studieadministrativt arbeid innan fleire av dei felta studieseksjonen arbeidar med

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis er ein føremon
  • God digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Kjennskap til dei felles studieadministrative systema på universitetet er ein føremon
  • Erfaring med sakshandsaming og studieadministrativt arbeid frå universitets- og høgskulesektoren og frå eit internasjonalt miljø er ein føremon
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk, begge målformer, og på engelsk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Fleksibel, initiativrik og serviceinnstilt

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 57 (for tida kr 472 000 - 504 700 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til fagleg utvikling
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS